Hopp til innhold

Vipers tapte i meisterligaen - kvartfinalehåpet i ferd med å visne

Eit Vipers Kristiansand i skadekrise leverte ein sterk bortekamp mot danske Esbjerg. Men det heldt ikkje heilt inn.

Sjå vår sending etter kampen med reaksjonar.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er jævlig kjipt. No er vi mest truleg ute av meisterligaen. Det er mykje som skal til no. Dei spelar på same måte heile kampen og vi klarer ikkje å løyse det. Det er for dårleg. Vi må heim og vere betre førebudde neste kamp, seier Vipers-spelar Marta Tomac.

Det var nok få som hadde stor tru på Vipers-siger mot «norske» Esbjerg i Danmark.

Med spelarar som Malin Aune, Katrine Lunde, Emilie Hegh Arntzen og Ragnhild Valle Dahl ute med skade er sørlendingane kraftig redusert.

Veteranen Linn Jørum Sulland og Vilde Jonassen har begge slite med skader, men var med i troppen mot Esbjerg.

– Tærer på

Men i fråværet til mange av stjernene var det andre som tok ansvar mot Marit Malm Frafjord, Sanna Solberg og ikkje minst den nederlandske stjerna Estavana Polman.

Blant andre Marta Tomac som vedgår at det er tungt med så mange på skadelista.

– Vi kjempar og jobbar på. No har vi prøvd å snakke bort skadene, men det er tungt å ta ansvaret frå kamp til kamp til kamp. Eg gler meg til vi blir fleire, seier ho.

– Det er frustrerande. For kvar kamp dett det av ein med ny skade. Det er absolutt ikkje det eg skuldar på i dag. Vi er for dårlege vi som er her, men det tærer på, seier ho.

I fjor tok Vipers bronse i meisterligaen. Det blir det neppe denne sesongen.

– Eg føler at dersom vi hadde hatt laget vi hadde i fjor, så trur eg vi hadde nådd langt. Det er så store kontrastar, seier Tomac.

Sjå intervju med Vipers-spelar Marta Tomac etter tapet mot Esbjerg.

Handballkrig

Vipers leia med tre mål tidleg i første omgang. Anført av Marta Tomac i praktslag fekk Vipers ein god start på kampen.

Men Polman og heimelaget slo kraftig tilbake. Vipers bomma i angrep og sleppte inn i andre enden. Midtvegs i omgangen var det heimelaget som leia med tre.

Det siste kvarteret i omgangen reiste Vipers seg igjen. Og det var faktisk Vipers som leia til pause. 16-15 viste resultattavla i favør Vipers.

Andre omgang vart ein skikkelig krig, der laga følgde kvarandre tett. Midtvegs i omgangen leia danskane 26-25.

Små sjansar til kvartfinale

Men det siste kvarteret vart tungt for Vipers, som kun hadde 12 spelarar kamptroppen på grunn av skadesituasjonen i klubben.

Då det stod att ti minutt leia danskane med to mål. Dette klarte aldri Vipers å ta att.

Vipers har framleis teoretiske sjansar til å nå kvartfinale. Då må dei slå russiske Rostov Don heime neste laurdag og CSM Bucuresti på bortebane.

Samstundes er dei avhengig av at dei same laga avgir poeng i sine to siste kampar.

Med to nye poeng er «norske» Esbjerg klart for kvartfinale i meisterligaen.

– Superdeilig. Det er veldig greit å vere klar for kvartfinalen allereie no. Men vi har to kampar att som er viktige med tanke på plassering i gruppa, seier Esbjerg-spelar Marit Malm Frafjord.

Sjå intervju med Esbjerg-stjerna Estavana Polman etter sigeren mot Vipers.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %