– Det er jævlig kjipt, for seie det rett ut. Vi har det på slutten og eg tenkte at det kunne gå, seier Vipers-keeper Sakura Hauge til NRK etter 32-26-sigeren mot russarane.
Lada vann den første kampen i Russland 23–29. Samanlagt vart det 55-55, men Vipers ryk ut på grunn av færre scora bortemål.
Trenar Kenneth Gabrielsen på sidelinja mot Lada.
Foto: Sander Heggheim/NRK– For det første er eg utruleg imponert av jentene. Vi kjem nok ein gong skeivt ut. At vi ikkje kjem vidare er surt, men kampen isolert er eg fantastisk nøgd med, seier trenar Kenneth Gabrielsen.
Tøff start
Det starta på verst tenkeleg måte for sørlendingane mot den gamle giganten frå Russland.
Lada, anført av landslagsspelar Daria Dmitrieva, leia med fem mål midtvegs og såg ut til å cruise mot 3. kvalifiseringsrunde.
Dmitrieva scora fire mål i OL-finalen for Russland då dei vann gull i Rio.
Mot slutten av første omgang klarte Vipers å hente inn igjen forspranget og laga gjekk til pause med 15–15.
Sjå intervju med Vipers-keeper Sakura Hauge.
Aquarama eksploderte
I andre omgang tok gjestene kommandoen frå start. Dei låg stort sett føre med eitt eller to mål. Men dei siste ti minutta sette Vipers inn turboen.
Då Marta Tomac sende rosatrøyene opp i 26–23 eksploderte Aquarama og publikum augna eit håp om avansement. Eitt minutt før slutt leia Vipers med seks mål, men trengde eitt til for å gå vidare på grunn av færre scora bortemål.
I Lada sitt siste angrep redda Sakura Hauge avslutninga frå venstre kant, men ho måtte gje retur. Returen vart snappa opp og sett i mål. Vipers scora i påfølgjande angrep og leia igjen med seks mål, men då var det for seint. Tida var ute.
– Eg syns vi står betre bakover, men vi er for dårlege til å ta imot returane. Når det er å jamt må vi vere kyniske og tore å stå og vinne dei ballane, seier Hauge.
– Vi rauk i Russland på dei siste to minutta der, då vi sleppte inn to mål, seier Gabrielsen.
Sjå intervju med Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen.
Sulland var ikkje klar
Linn Jørum Sulland var med i Vipers-troppen for første gang. Sulland var berre med for å ta straffekast. Då trenaren vinka ho ut på bana var ho ikkje klar.
Linn Jørum Sulland var med på benken for Vipers mot Lada.
Foto: Sander Heggheim/NRK– Ho sat med buksa på. Kanskje Sulland er litt feig, smiler trenar Kenneth Gabrielsen.
– Eg rekna ikkje med at eg skulle ta straffe. Men det hadde nok sett litt rart ut om eg skulle ha sprunge utpå, for eg klarer ikkje å springe skikkeleg, seier Sulland.
Det er ikkje klart når Sulland er tilbake for fullt igjen.
– Eg håpar ikkje det tek så lang tid, seier ho.
Sjå intervju med landslagssjef Thorir Hergeirsson.