Hopp til innhold

Vipers sette ny poengrekord

Aldri tidlegare har Vipers Kristiansand teke så mange poeng i eliteserien som denne sesongen.

Kristine Lunde-Borgersen, Vipers Kristiansand

Kristine Lunde Borgersen har hatt trenaransvaret i Vipers etter at Gunnar Pettersen var sjukmeld. Her er ho på sidelinja under siste serierunde mot Halden.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Vipers avslutta seriespelet med å slå Halden 28–22 på heimebane onsdag kveld og sikra 4.-plassen i eliteserien.

Det betyr også at laget skal spele europacup neste sesong.

Jessy Kramer, Vipers Kristiansand

Jessy Kramer jublar for scoring mot Halden i siste serierunde.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Sørlendingane enda til slutt opp med 29 poeng i årets eliteserie. Det er ein poengsum klubben aldri har vore nærleiken av med dagens serieordning med 12 lag (sjå oversikt nedst i artikkelen).

NETT-TV: Peder Langfeldt om kampen

Langfeldt om kampen

– På rett veg

Poengsummen hadde halde til bronsemedalje i fjor.

Vipers Kristiansand hadde medalje som mål denne sesongen. Dei var det Larvik, Glassverket og Byåsen som tok.

– Vi har hatt ein veldig bra sesong trass i at vi ikkje klarte medalje, som var målet, seier sportsleg leiar Peder Langfeldt til NRK.

– Vi nådde kvartfinalen i europacupen og blir nummer fire i serien. Dette viser at vi er på rett veg, seier han.

Fleire nye neste sesong

Neste sesong har Vipers sikra seg ei rekkje solide forsterkingar.

Både Linn Jørum Sulland (Györ), Jeanette Kristiansen (Glassverket), Kari Brattset (Glassverket) og Kristin Nørstebø (Glassverket) spelar i rosa neste sesong.

Marta Tomac, Vipers Kristiansand

Marta Tomac, Vipers Kristiansand

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Dei tre Glassverket-spelarane har teke medaljar i både serie og cup dei siste åra.

Førre sesong vart det 6.-plass og 21 poeng for Vipers Kristiansand.

Enkel siger

Vipers Kristiansand fekk det særs enkelt i siste serierunde heime mot Halden onsdag.

Anført av Ulrika Olsson og landslagsspelar Marta Tomac leia laget komfortabelt 14–8 til pause.

I andre omgang køyrde dei over østfoldingane og vann til slutt 28–22 føre 1032 tilskodarar heime i Aquarama.

No skal sørlendingane ut i kvartfinale i sluttspelet. Der møter dei truleg Tertnes.

Vipers sine tabellplasseringar

Sesong

Tabellplassering

Poeng

2015/16

4. plass

29

2014/15

6. plass

21

2013/14

8. plass

14

2012/13

6. plass

21

2011/12

6. plass

17

2010/11

7. plass

18

2009/10

8. plass

17

2008/09

7. plass

20

2007/08

7. plass

18

2006/07

10. plass

11

2005/06

9. plass

16

2004/05

7. plass

18

2003/04

4. plass

26 (eliteseriesluttspel)

2002/03

3. plass

41 (14 lag i serien)

2001/02

8. plass

19 (14 lag i serien)

Ekspander/minimer faktaboks

Vipers sine tabellplasseringar

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %