Hopp til innhold

OL-draumen rauk: – Den smellen var utruleg hard

Ein kneskade knuste OL-draumen for Linn Jørum Sulland. No ser ho fram til comeback i norsk eliteserie og medaljejakt med Vipers Kristiansand.

Se intervju med Vipers-spiller Linn Jørum Sulland.

Linn Jørum Sulland i samtale med sportsleg leiar i Vipers Kristiansand, Peder Langfeldt.

– Dei første to vekene etter at det skjedde var ekstremt tunge når du har jobba i fire år for å vere med, og klart målet om å bli teken ut. Den smellen var utruleg hard og vanskeleg, seier Sulland til NRK.

I OL-finalen i 2012 vart Sulland den store helten då ho banka inn ti mål og sikra norsk gull. Rio-OL måtte ho følgje frå sofakroken på grunn av kneskade.

Der fekk ho sjå dei norske handballjentene ta bronse etter å ha slått Nederland i bronsefinalen.

Nærmar seg comeback

– Alle jentene drøymde om gull. Det var målet og vi visste at det var mogleg. Ein slags skuffelse er jo der, men medalje er stort uansett, seier handballprofilen.

Måndag var ho til stades på si første trening med nye lagvenninner i Vipers Kristiansand etter overgangen frå toppklubben Györ.

– Eg i opptrening og det går veldig mykje betre frå veke til veke. Eg er veldig positiv, men har ikkje byrja å springe endå. Det er eit stykke fram, seier Sulland.

7. september spelar Vipers Kristiansand første seriekamp på heimebane mot Sola. Det blir utan Sulland på bana.

Linn Jørum Sulland

Linn Jørum Sulland var sentral då Norge tok OL-gull i London for fire år sidan.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Jaktar medalje med Vipers

Men ambisjonane er store på Sørlandet denne sesongen. Klubben har blant anna henta Glassverket-trenar Kenneth Gabrielsen i tillegg til Jeanette Kristiansen og Kari Brattset frå same klubb.

Frå før er landslagsspelar Marta Tomac i stallen. Målet denne sesongen er å ta medalje.

– Det er absolutt mogleg, men det er nokre gode konkurrentar. Eg ser at jentene jobbar veldig hardt og har verkeleg trua på at det skal bli bra. Men vi treng nok litt tid sidan vi er mange nye, seier Sulland.

– Kan de utfordre Larvik allereie i år?

– I enkeltkampar er det alltid ei moglegheit. Men er tykkjer Larvik er eit skritt føre førebels. Målet må vere å ta dei, så får vi sjå kor lang tid vi må bruke på det, seier ho.

Linn Jørum Sulland og Kenneth Gabrielsen

Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen er glad for å ha Sulland i troppen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Kroppen skal fungere

Trenar Kenneth Gabrielsen gler seg til å få bakspelaren på bana.

– Når ho er frisk vil ho truleg levere på eit svært høgt nivå her. Det vil nok ta litt tid, så vi skal ikkje mase, seier trenaren.

Kanskje tronar Vipers øvst på eliteserietabellen før neste OL i Tokyo i 2020. Om eit nytt OL kan bli aktuelt tykkjer ho er vanskeleg å svare på.

– Det er alt for langt fram. Det er ikkje slik at eg seier nei til at det er heilt umogleg. Men kroppen skal fungere. Det er pri ein, seier Sulland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %