Hopp til innhold

Vipers avviser Kurtovic-kontakt

Sportsleg leiar i Vipers Kristiansand, Peder Langfeldt, avviser at klubben er i dialog med landslagsspelar Amanda Kurtovic om ein overgang.

Amanda Kurtovic

Det er framleis uvisst i kva klubb Larvik-spelar Amanda Kurtovic spelar neste sesong.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Det er fleire år sidan eg snakka med Amanda. Det er ikkje riktig at vi har gitt ho eit kontraktsforslag. Vi er nøgde med dei venstrehendte spelarane vi har, seier Langfeldt til NRK.

Fleire medium, også NRK, har tidlegare skrive at Kurtovic skal ha fått eit kontraktsforslag frå den hardtsatsande klubben frå Sørlandet.

Vurderer framtida

Kurtovic er på utgåande kontrakt i Larvik og vurderer no framtida.

Larvik vil ha ho med vidare, men manglar framleis signaturen til 25-åringen.

– Det er framleis ikkje noko avklaring, seier dagleg leiar Bjørn Bjune i Larvik Håndballklubb.

Kurtovic gjort det særs bra både i eliteserien, europacupen og på landslaget denne sesongen.

I ein seriekamp mot Oppsal scora ho 19 mål.

Stjernegalleri på Sørlandet

Vipers Kristiansand har styrka spelarstallen med ei rekkje profilerte namn det siste året.

Klubben har allereie landslagsspelar Marta Tomac og Linn Jørum Sulland på laget.

Neste sesong blir både Katrine Lunde og Emilie Hegh Arntzen Vipers-spelarar. Om nye namn vil dukke opp, får vi ikkje eit klart svar på.

– Vi er nøgde med spelarane vi har no, men følgjer med i marknaden, seier sportsleg leiar Peder Langfeldt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %