Hopp til innhold

Kurtovic avgjer truleg framtida i neste veke

Amanda Kurtovic vurderer tilbod frå fleire toppklubbar. I neste veke avgjer ho truleg kvar ho spelar neste sesong.

Amanda Kurtovic

Amanda Kurtovic er på utgåande kontrakt i Larvik, og vurderer no tilbod frå fleire klubbar.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Det er eit val ho må ta sjølv. Eg støttar henne uansett kva det er for noko, seier far Marinko Kurtovic til NRK.

Amanda Kurtovic er ein av dei mest ettertrakta spelarane for tida. Og det er ikkje utan grunn.

Laurdag vart ho toppscorar med sju mål, då Larvik spelte uavgjort mot Bucuresti, som er regjerande Meisterliga-vinnar.

Før det scora ho 19 mål då Larvik knuste Oppsal 39-22 førre helg.

– Larvik er førstevalet

No vurderer ho tilbod frå fleire klubbar.

Ho skal ha tilbod både frå europeiske toppklubbar og Larvik og Vipers Kristiansand.

– Det er mange klubbar som er interessert i henne. Men Larvik er per dags dato førstevalet. Ho vil gje klubben ein ærleg sjanse til å sjå om dei har moglegheit til å gje ei sportsleg satsing som passar ho. Ho håpar på å ta valet i neste veke, seier pappa Kurtovic.

Han er trenar i ØIF Arendal, der han skreiv ny to års kontrakt fredag.

Amanda Kurtovic sa til NRK tidlegare denne veka ho vurderer alternativa.

– Eg trivst kjempebra i Larvik og har utvikla meg enormt her. Så er det vanskeleg med tanke på økonomien og det er ei usikker framtid. Eg må berre tenke på kvar eg kan bli betre, og kvar det blir har eg ikkje bestemt meg for endå, sa ho.

Amanda Kurtovic tar valget neste uke sier pappa Marinko

Sjå intervju med Marinko Kurtovic.

Håpar på Larvik

Dagleg leiar i Larvik, Bjørn Bjune, kryssar fingrane for at Kurtovic vel å bli i Vestfold.

– Vi har gitt henne eit tilbod. Vi har diskutert tinga Marinko Kurtovic tek opp. Vi har ein ambisjon om å halde fram med å vere ein internasjonal handballklubb heilt i toppsjiktet, seier han.

I det ligg det å framleis vere Norges beste klubb, og samstundes ligge heilt i Europa-toppen.

– Då må vi ha eit lag som er godt nok til å møte ambisjonen, seier Bjune.

Sportsleg leiar i Vipers Kristiansand, Peder Langfeldt, vil ikkje svare på om dei har gitt Kurtovic eit kontrakttilbod.

– Vi kommenterer ikkje noko før det er klart, seier Langfeldt.

Fleire landslagsspelarar i Vipers

Vipers Kristiansand satsar tungt og har fått orden på økonomien. Det siste året har dei opna pengepungen og sikra seg eit rekkje profilerte spelarar.

Dei to siste er landslagsspelarane Malin Aune og Emilie Hegh Arntzen.

Frå før har dei både Linn Jørum Sulland og Marta Tomac i stallen.

– Eg tykkjer det er flott at dei satsar. Alle tiltak for auke nivået i eliteserien ser vi på som ein fordel også for oss. Vi ynskjer det velkommen, seier Bjune.

Ny spiller på Vipers

Sjå pressekonferansen der Vipers Kristiansand presenterte landslagsspelar Emilie Hegh Arntzen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %