– Det er ganske uvanleg at bystyret vedtek uttalelsar eller resolusjonar. Det gjer vi berre når det er ytterst spesielle og viktige saker, seier varaordførar Mette Gundersen til NRK.no.
Ville starta butikk
– Det handlar om å gi tilslutning til politiarbeidet. Det handlar om å vise for politiet og andre at vi står bak dei i denne kampen og også gi eit signal på kva vi tykkjer er viktig å prioritere i kriminalførebyggjande arbeid, seier ho.
Tidlegare denne veka kom det fram at motorsykkelklubben Hells Angels prøvde å starte ein tatoveringsbutikk i Kristiansand. Her greip politiet inn og forhindra at avtaler vart inngått.
Mette Gundersen viser til at også kommunen har bidrege til liknande tidlegare.
– Vil gjere det igjen
– Vi har vore konkrete tidlegare og dersom det er naudsynt er vi villege til å gjere det igjen, seier ho.
Fleire norske kommunar har den siste tida gjort det klart at kriminelle MC-klubbar er uønska. I førre veke gjorde den første norske musikkfestivalen det same. Norway Rock Festival vart tvunge til å nekte HA-medlemmer adgang til festivalområdet.