Hopp til innhold

Vangstad vert hylla etter sjokksiger

Andreas Vangstad (23) frå Kristiansand imponerte alle då han slo deler av verdseliten på siste etappe av Tour of Norway.

Atle Kvålsvoll angret ikke på at han likevel valgte å ha med Andreas Vangstad i Tour of Norway. Reporter: Morten Stenberg, foto: Vegard B. Lien.

VIDEO: Sjå intervju med sportssjef i Team Sparebanken Sør, Atle Kvålsvoll.

– Proffane køyrde det dei hadde og klarte likevel ikkje å hente han inn. Det er vanvittig sterkt, seier sportssjef i Team Sparebanken Sør, Atle Kvålsvoll til NRK.

Vangstad sette inn eit rykk to kilometer før mål på den 174 kilometer lange etappen frå Flå til Eggemoen.

– Han er ein perfeksjonist

Luka han fekk heldt heilt til mål. Dermed slo han proffløparar som Alexander Kristoff og Edvald Boasson Hagen.

– Andreas er ein perfeksjonist, roleg, om ikkje beskjeden så er han veldig målbevisst og strukturert, seier Kvålsvoll.

Tidlegare verdsmeister Thor Hushovd er mektig imponert.

– Eg sat og såg det på tv, og det er heilt fantastisk. Det er ein fantastisk prestasjon. Det er det ingen tvil om. Og så er det kult at han torer å gå til slik han gjer, seier Hushovd til Fædrelandsvennen.

Norske Andreas Vangstad (23) utklasset deler av verdenseliten og tok en overraskende seier i den siste etappen av Tour of Norway. Reporter: Morten Stenberg, foto: Vegard B. Lien.

VIDEO: Sjå intervju med Andreas Vangstad etter sigeren i Tour of Norway.

Ukjent for Kristoff

– Det einaste eg veit er at han dreiv med orientering eller noko for nokre år sidan. Det er imponerande at han allereie no vinn ein etappe mot så mange proffar, seier Alexander Kristoff.

– Har vi ein framtidig proff der?

– Det er fullt mogleg. Presterer han i fleire løp framover er det fullt mogleg at han er proff neste år. Eg har ikkje høyrt så mykje om han før, så eg er jo litt overraska, men eg veit at det er fullt mogleg viss du er sterk. I dag viste han at det er mogleg, seier Kristoff om sørlendingen.

Førebur seg på Google Maps

Før etappesigeren i Tour of Norway stod sykkeltalentet med ein 7. plass på tempo i junior-VM som sin beste prestasjon.

– Dette viser at han ikkje berre er ein temporyttar. Han har taktisk kløkt i tillegg til køyrestyrke. Det er ein bra kombinasjon, seier Kvålsvoll.

Kvålsvoll avslører også at Vangstad brukar Google Maps i forkant av løp.

– Han les seg opp på løypene og kjenner kvar meter av løypene, seier han.

Alexander Kristoff ble imponert av dagens vinner i Tour of Norway, Andreas Vangstad, selv ser han frem mot den gule trøya i Tour de France. Reporter: Morten Stenberg, foto: Vegard B. Lien.

VIDEO: Sjå intervju med Alexander Kristoff etter siste etappe i Tour of Norway.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %