NRK Meny
Normal

Utlendingar kjøper alle bleiene

Daglegvarebransjen på Sørlandet slit ofte med austeuropearar som kjøper opp alle bleiene i butikken. No nektar kjøpmann i Mandal utlendingane å tømme hyllene.

Daglegvarebransjen på Sørlandet slit ofte med austeuropearar som kjøper opp alle bleiene i butikken. No nektar kjøpmann i Mandal utlendingane å tømme hyllene.

Utlendingar kjøper alle bleiene

Peder Ueland

BLEIE-NEKT: Kjøpmann Peder Ueland har sett seg nøydd til å nekte utlendingar å tømme butikkhyllene for bleier. Fleire gonger har han opplevd at utlendingane fyller bilane sine til randa med bleier.

Foto: Lars Eie/NRK
Helge Breilid i Tollvesenet

Helge Breilid i Tollvesenet har ved to tilfelle stoppa utlendingar med bilar stufulle av bleier.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Seinast måndag denne veka vart ein utanlandsk varebil stoppa i Mandal, stappfull med bleier, som var kjøpt.

– Dei kjem gjerne inn to-tre personar. Fyller handlevogna med bleier. Er det meir att kjem dei inn igjen og tek resten, seier Peder Ueland ved Rema 1000 i Mandal til NRK.no.

Før jul opplevde han fleire gonger at austeuropearar kjøpte alle bleiene i butikken.

– Vi stussa fælt

Norske bleier er blant verdas billegaste, og vert selt dyrt i utlandet. I fjor gjorde tollarane fem store beslag i Norge. To av dei var i Kristiansand.

– Når dette dukka opp stussa vi fælt. Men det viser seg vel rett og slett at dei gjer det for å tene pengar gjennom å selje dei vidare i desse landa, seier kontorsjef ved tollstasjonen i Kristiansand, Helge Breilid.

Ved eitt av beslaga vart ein polsk mann stoppa med bleier for 45 000 kroner på Kristiansand havn.

– Det var fullt frå tak til golv, både i tilhengar og bil. I slike saker sjekkar vi ut om dette kan dreie seg om tjuvegods. Er det ikkje det vil dei bli melde for ikkje å ha deklarert varepartia ut, og dei misser gjerne bleiene. I tillegg får dei eit førelegg, seier Breilid.

Peder Ueland ved Rema 1000 stadfestar at også fleire andre butikkar opplever at utlendingar tømmer hyllene for bleier.

Bleiebeslag

Tollvesenet stussa då dei stoppa ein polsk mann med denne bilen som var stappfull med bleier på Kristiansand havn.

Foto: Tollvesenet

Gir kjøpenekt

– Det verkar som det er godt planlagt. Når det først er tomt er det stort sett tomt dei andre stadene også. Problemet er at dei tømmer butikkane. Vi står utan bleier i to-tre dagar etterpå, seier Ueland.

Ueland er så lei av tomme bleiehyller at han såg seg nøydd til å nekte utlendingane å tømme butikkhyllene.

– Det er strengt teke ikkje lov å nekte folk å kjøpe varer. Men ser vi nokon som kjøper store mengde gir vi beskjed om at dei ikkje får kjøpe dei, seier han.

– Dei gongene vi får stoppa dei, aksepterer dei det. Dei kjøper det dei får lov til, kanskje eit par pakkar, og går. Truleg til neste butikk, seier han.