Hopp til innhold

Undersøkjer omreisande handverkarar: – Det kjem stadig nye tips

Ei rekkje bustadeigarar skal har vorte lurt av handverkarar som sel tenester på døra. Fleire A-krim-sentre i landet undersøkjer nå saker som handlar om dårleg kvalitet, høgare pris enn først avtalt og bruk av pressmiddel.

Øyvind Lorentzen, senterleder, Senter for A-krim Kristiansand

Leiar for A-krimsenteret i Kristiansand, Øyvind Lorentzen, seier mange tipsar om useriøse handverkarar på døra.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

– Det kjem stadig inn nye tips frå bustadeigarar som fortvilar etter å ha opplevd dårleg utført arbeid til høg pris. Fleire opplever også å ha vorte pressa til å gå med på meir omfattande arbeid enn først avtalt.

Det seier leiar for A-krimsenteret i Kristiansand, Øyvind Lorentzen.

Han seier dei har fått ei rekkje førespurnader frå folk som kjenner seg lurt, både på Austlandet og Sørlandet.

Dei etterforskar no tipsa dei har fått, men denne er førebels i ein tidleg fase.

Lorentzen fortel at dei har rykka ut til fleire av bustadene, utan å treffe på handverkarane.

Han fortel vidare at sommarhalvåret er høgsesong for slike omreisande arbeidarar.

Tilbyr fleire tenester

NRK har snakka med fleire huseigarar på Sørlandet som har brukt slike omreisande handverkarar, men som ikkje ønskjer å stå fram.

Firmaa tilbyr mellom anna målararbeid, husvask og takfornying.

Éin huseigar fortel om eit takarbeid som vart svært kostbart. Undervegs i jobben meinte handverkarane at det måtte takast ein ekstra runde for å få det skikkeleg.

Betaling gjekk føre seg på Vipps eller rett til konto.

NRK kjenner til fleire tilfelle i Grimstad, og i det siste har mange i kristiansandsområdet fått besøk på døra, fortel Lorentzen.

Les også Byggevarer blir opptil 20 prosent dyrere fra april

Byggevarer Montér

Vaska og måla vegg same døgn

Den pensjonerte politimannen Leif Vagle, leier organisasjonen Fair Play, som arbeider mot arbeidslivskriminalitet.

Han har også hatt kontakt med huseigarar som har fått omreisande firma på døra.

– Dei fortel om handverkarar som ved første augekast kan verke seriøse. Dei kan ha firmalogo på bilane. Dei som sel inn tenestene kan ofte vere norske.

Vagle kjenner til historier der handverkarane vaska ein vegg og måla den dagen etterpå. Utan noka form for tørke.

– Det seier jo litt om kvaliteten på arbeidet. I tillegg tek desse ofte betaling på forskot. Det gjer ingen seriøse firma.

Leif Vagle

Den pensjonerte politimannen, Leif Vagle seier handverkarane ved første augekast ofte verkar seriøse.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Held til på Austlandet

Vagle seier firmaa ofte held til på Austlandet. Så reiser dei rundt og oppsøkjer huseigarar godt unna.

Han kontakta sjølv ein av arbeidarane:

– Vedkommande avviste at dei dreiv med svart arbeid. Han sa dei hadde så mykje å gjere at dei hadde base i Grimstad om sommaren.

Grimstad

I dette bustadområdet i Grimstad har handverkarar på døra tilbode tenester.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

– Ikkje bruk slike tenester

Lorentzen ved A-krimsenteret i Kristiansand, seier firmaa kan vere registrerte og ha bankkonto.

– Men dei løysast ofte opp etter veker eller månader. Dei unndreg seg moms og skatt.

Han meiner det også er snakk om utnytting av arbeidskraft. At dei som utfører arbeidet får dårleg lønn og har få rettar.

– Ikkje bruk slike tenester og tips oss viss dei kjem på døra.

Les også Jobbsuksess: David (23) unngikk et liv i utenforskap

David Cungnung Zathang er snekker. Bruker elektrisk sag.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %