Hopp til innhold

Olga hjelper ukrainske flyktningar: – Gjer godt for hjartet

Ukrainske Olga har budd i Noreg i 16 år. For henne var det sjølvsagt å hjelpe Kateryna og andre ukrainske flyktningar som kom til heimbyen hennar.

Kateryna Kozmenko og Olga Vestervik.

Kateryna Kozmenko (t.v.) har praksis i Olga Vestervik hudpleiesalongen sin i Tvedestrand to–tre kveldar i veka.

Foto: Kristin Olsen / NRK

– Då eg kom til Noreg var det vanskeleg å snakke og bu her, men Olga hjelper meg mykje. Eg spør henne om alt, seier Kateryna Kozmenko (35).

Ho flykta frå Kherson i Ukraina rett etter at krigen starta, og kom til Tvedestrand i Agder for eitt år sidan.

I halvannan månad budde ho og dottera Amina (6) heime hos Olga og familien.

Olga er sjølv frå Ukraina, men har budd i Noreg i 16 år.

For henne var det naturleg å hjelpe «sine eigne» då dei måtte flykte.

I fjor tok Tvedestrand kommune imot rundt 50 flyktningar. Mange av dei har fått hjelp av Olga.

Ho har mellom anna organisert klesinnsamlingar, arrangert Ukrainsk julaftan og hjelpt flyktningane med praktiske ting.

Ho synest det er ei ære å hjelpe andre.

– Eg føler at det er mi plikt å hjelpe andre. Det gjer også godt for hjartet, seier Olga Vestervik.

Olga Vestervik

Olga Vestervik samla inn masse klede til ukrainske flyktningar i fjor sommar. Her sorterer ho på lageret.

Foto: Privat

Ei surrealistisk oppleving

Vestervik kom til Noreg som au pair i 2007. Ho møtte kjærleiken og valde å bli.

No bur 42-åringen med mann og barn i Tvedestrand og driv hudpleiesalongar både der og i Arendal.

Då krigen starta i fjor var det ei surrealistisk oppleving å følgje med frå trygge Noreg.

– Eg trur framleis ikkje at det skjer der. Eg kan heller ikkje førestille meg korleis det er å bu der, seier ho.

Olga kjende litt til Kateryna frå før fordi ho er ei venninne av søstera.

Kateryna fortel at det var godt å ha Olga då dei kom til Noreg.

Då var ho både sint og lei seg og hadde mange vanskelege tankar.

– Eg stressar framleis fordi foreldra mine og bror min framleis bur i Ukraina, men Olga og familien hennar hjelper oss veldig mykje.

Son hennar er like gammal som Amina. Dei to har vorte gode venner.

Kateryna Kozmenko med datteren Amina.

Kateryna Kozmenko bur i Tvedestrand med dottera Amina.

Foto: Kristin Olsen / NRK

Vil bli i Noreg

I Ukraina jobba Kateryna i bank. No blir ho lært opp i salongen til Olga, der ho jobbar to, tre kveldar i veka.

– Mange på jobb hjelper meg med språket, seier ho og ler.

35-åringen håpar ho og dottera kan bli buande i Noreg. Draumen er å få ein bra jobb etter kvart og kanskje starte ein eigen salong.

– Det er mange menneske her som inspirerer meg til å gjere mitt beste, seier ho.

Les også Ukrainske Iryna måtte flykte: – Jobben er min sikkerhetsline

Irina Fyshchuk på kontoret på UiA.

Krevjande for kommunane

Stian Slotterøy Johnsen er generalsekretær i Frivillighet Norge.

Han seier betydninga av det frivillige arbeidet som Olga har lagt ned overfor Kateryna og andre ukrainske flyktningar ikkje kan undervurderast.

– Denne typen frivillig innsats har ein heilt unik verdi. Å ta imot så mange nye menneske er krevjande for kommunane og lokalsamfunnet, seier Johnsen.

Frivillighet Norge har meir enn 370 medlemsorganisasjonar og representerer meir enn 50.000 lokale lag og foreiningar.

Mange av desse mobiliserte då Noreg i fjor tok imot 35.000 ukrainske flyktningar.

– Når slike kriser skjer i Europa ser vi at det er noko folk responderer på. Dei ønskjer å stille opp.

Stian Slotterøy

Generalsekretær i Frivillighet Norge Stian Slotterøy Johnsen seier det årleg blir lagt ned frivillig innsats tilsvarande 140.000 årsverk i Noreg.

Foto: Frivillighet Norge

Ordførar: – God hjelp og støtte

Også ordførar i Tvedestrand Marianne Landaas (Ap) rosar innsatsen som Olga har lagt ned.

– Eg opplever at ho er ei god hjelp og støtte for ukrainske flyktningar, men også for det kommunale hjelpeapparatet, seier Landaas.

Ho meiner frivilligheit er heilt vesentleg i dagens samfunn.

– Vi må «utnytte» det frivillige endå meir og hylle dei som hjelper til.

Ho fortel at Tvedestrand har sagt ja til å ta imot 40 ukrainske flyktningar i år.

Olga Vestervik aktar å hjelpe også desse flyktningane.

– Ja, eg held fram med det, men det blir nok ikkje like mykje klesinnsamling som sist, seier ho og viser til at det var mykje jobb.

Les også Jordbærplukker tilbake som flyktning: – Jeg håper alt blir bra til slutt

Alle de seks flyktningene fra Ukraina samlet på familiegården i Reddal i Grimstad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %