Hopp til innhold

Trenaren friskmelder ikkje laget

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad vedgår at laget har slitt stort offensivt den siste tida. No håpar han det losnar i kampen mot serieleiar Elverum onsdag kveld.

Leif Gautestad, ØIF Arendal

Leif Gautestad har tru på siger mot Elverum, men vedgår at det blir tøft å slå serieleiaren.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Skal vi vere med å kjempe om medalje må vi vinne i dag og slå ein av gullfavorittane. Vi har ikkje vore på topp i det siste og har mangla litt rytme og utteljing. Vi må vise oss frå ei god side om vi skal slå Elverum, seier Gautestad til NRK.

– Går utover sjølvtilliten

Etter tre strake kampar utan siger slo ØIF Arendal botnlaget Haugaland i helga. Men trenaren meiner at laget ikkje er tilbake i godt gammalt slag.

– Først og fremst set vi ikkje ballen i mål. Det går utover sjølvtilliten. Vi trenar bra og har bra trøkk på trening, men vi skyt for dårleg. Det går bra i treningssituasjon, men i kamp misser du fort sjølvtillit, seier han.

– Det blir få som tek ansvar. I dag håpar eg vi får ein ketchupeffekt. Vi har over tid trykt og trykt. No håpar eg vi får full utblåsing, med spelarar som sprudlar og set ballen i mål, og jobbar knallhardt defensivt, seier Gautestad.

Elverum toppar tabellen før onsdagens seriekamp og er ein av dei heitast gullfavorittane i eliteserien.

Trur på tøff kamp

I haust spelte laga uavgjort då dei møttest i Hamar OL Amfi.

– Vi må jobbe med å gjere ting enkelt. Vi er dyktige nok, men vi må tru på det sjølv, så vil ting komme, seier han.

– Eg trur det blir ein tøff fysisk kamp der begge lag er dyktige i forsvar. Begge har gode målvakter, og det er viktig at vi klarar å setje ballen i mål, seier trenaren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %