Hopp til innhold

Torveig (90) drap 554 sniglar på ein kveld

Mange plagast av brunsniglar i hagen, men ikkje alle går like systematisk til verks som Torveig Håland frå Grimstad. Ho drap 554 sniglar på ein kveld.

Torveig Håland

90 år gamle Torveig Håland frå Grimstad legg større innsats i snigledreping enn dei fleste andre.

Ho kallar seg «sniglemordaren», og viser velvillig fram reiskapet ho brukar.

– Her er mordvåpenet!

90 år gamle Torveig Håland frå Grimstad har gjort snigledreping nærast til ein idrett. I løpet av ein kveld drap ho fleire hundre slimete skadedyr med ein skjulp.

554 brunsniglar på ein kveld

Torveig Håland

Torveig Håland med «mordvåpenet», som ho har brukt til å drepe uttalige brunsniglar i hagen ved omsorgsbustadene på Bergetun i Grimstad.

Foto: Leif Dalen / NRK

Ved hjelp av ein gamal og godt brukt skjulp tek 90-åringen knekken på brunsniglane i felleshagen på Bergetun i Grimstad.

Tysdag møtte NRK henne i hagen, men då var det ikkje så mange sniglar i sikte.

– Eg trur ikkje det er nokon ute i dag, det er for fint vær.

Situasjonen var ein heilt annan ein laurdagskveld litt tidlegare i sommar.

– Dei vrimla, det var vel rundt 50 sniglar berre på ein stad. Dei kava rundt for å få det beste graset å ete, seier Håland.

I løpet av halvannen time tok 90-åringen knekken på 554 brunsnigler med spaden sin – eller mordvåpenet – som ho kallar det.

– Hadde eg ikkje hatt den så kunne eg ikkje gjort det. Eg har prøvd å bruke kniv for å skjære i dei, men eg kan ikkje bøye meg så langt. Men skjelpen er lengre, så då får eg tatt dei og delt dei på midten.

– Kan ikkje leve med slikt griseri

Dei slimete skadedyra er ikkje berre på plenen. I fjor kom det også mange opp på verandaene i første etasje, og dei er til og med observert i blomsterkassene i andre etasje. Det tykkjer Håland ingenting om.

– Vi kan ikkje leve med slikt griseri rett utanfor verandaen vår. Det er ikkje til å halde ut.

Sneglebøtte

Brunsniglar er eit kjent problem i norske hagar.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Håland har vakse opp på gard, og har drepe sniglar sidan ho var ung.

– Sjølvsagt er dei ekle, men kva skal ein gjere? Dei går jo i blomsterpottene og overalt. Det var til og med ein midt på vindauget til verandadøra. Då eg såg det måtte eg ta kniven for å få ta den.

Kommunen rosar arbeidet

Det var Grimstad Adressetidende som først omtalte 90-åringen sin innsats for å halde hagen utanfor omsorgsbustadene sniglefri.

Siri Risholt Torjussen

Gartnar Siri Risholt Torjussen er imponert over arbeidet Torveig Håland har gjort.

Foto: Leif Dalen / NRK

Og innsatsen har ikkje gått umerka hen hos kommunen sine tilsette. I blomsterpottene utanfor bustadene må gartnar Siri Risholt Torjussen leite godt for å finne ein brunsnigle.

– Det er jo heilt topp! Eg har sett ein del andre plassar, men akkurat her er det ikkje så mykje. Det er overraskande lite.

– Det er fordi eg har tatt alle saman! seier Håland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %