Hopp til innhold

Tok Europa med storm: – Alt vi får oppleve er ein draum

Marcus og Martinus har spelt for fulle hus over heile Europa i sommar. Laurdag sette dei punktum for europaturneen. Men straks startar eit nytt eventyr.

Marcus og Martinus

Marcus og Martinus avslutta europaturnéen sin i Kristiansand laurdag kveld.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Det har vore fantastisk. Det har vore fullt stort sett over alt vi har spelt. Det var vel berre på ein konsert i Italia det ikkje var utselt, men det var likevel 1500 menneske der, seier brørne frå den vesle bygda Trofors i Nordland.

16-åringane har gjort unna «sommarjobben» for i år. Ein «sommarjobb» truleg mange jamaldringar misunner dei.

14 land, 28 ulike konsertar og fulle hus. Tyskland, Italia, Kroatia og Spania, for å nemne nokre.

Allsong i Europa

– Alle kunne jo «Elektrisk» i Tyskland, Italia og over alt, ler dei.

– Det er utruleg at så mange veit kven vi er. Det er fantastisk kult at vi kan reise til så mange land i Europa. Vi er at folk kosar seg på konsertane. Det er veldig kult. Vi er superstolte, seier dei.

Dei to brørne sit på Kristiansands tak, i skybaren på eit nyoppussa Caledonien Hotel.

Herifrå kan dei blant anna sjå Odderøya, der dei sette punktum for europaturneen laurdag kveld.

– Det er supergøy å vere i nye land heile tida, men det er veldig fint å vere tilbake i Kristiansand.

Marcus og Martinus i Kristiansand

Marcus og Martinus før sin siste konsert på europaturneen sin.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Alt er ein draum

Men etter ein tur til Los Angeles og USA for å ferdigstille ny musikk er det ut på tur i Europa igjen. Denne gong med superstjerna Jason Derülo.

16-åringane er med som «special guests» og skal vere med på 16 konsertar.

– Han er jo eit av våre største idol, og så skal vi på turne saman med han. Det har vore ein av draumane våre. Vi har møtt han fleire gonger. Han er ein veldig jordnær type, seier dei.

– Kva kan de lære av han?

– Det er mykje, men spesielt dansing. Der er han utruleg god. Vi er ikkje dei beste der sjølv, men vi prøver når vi står på scena.

– Klarer de å ta innover dykk kva de er med på?

– Mykje av det, men og litt nei. Vi reiser rundt i Europa og spelar konsertar. Alt har gått så fort. Vi ser tilbake og tenker at det og det var kult, og så er det noko nytt. Alt vi får oppleve er ein draum.

Markus og Martinus-fans i Kristiansand

Marcus og Martinus-fans på Caledonien Hotel i Kristiansand. Jentene håpa på å få møte idola sine.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Fekk endeleg sjå idola

I Kristiansand møtte over 7000 tilskodarar opp for å oppleve tenåringsidola.

Ei av dei var Aurora frå Sandnes som endeleg fekk oppfylt draumen om Markus og Martinus-konsert.

– Eg knekte foten då eg skulle i februar, og då fekk eg ikkje reise. Så dette blir gøy.

Aurora på Markus og Martinus-konsert

Aurora frå Sandnes venta spent ved heisane på hotellet i håp om å få eit glimt av idola sine.

Foto: Sander Heggheim / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %