Hopp til innhold

Kameratar deltok i rally gjennom Sahara: – Bilen imponerte

Tre kameratar og ein uvanleg rallybil har lagt bak seg nesten 12.000 kilometer for å bidra til eit godt formål. Det har ikkje vore utan utfordringar.

Kamerater i rally

Rallyet frå Budapest til Sierra Leone har ikkje gått knirkefritt. Her frå Senegal med rallybilen Fiesta Vikings framfor.

Foto: privat

– Vi har køyrt frå Budapest til hovudstaden Freetown, seier Alexander Brandsvoll (29).

Han og kameratane Marius Alvær (40) og Øyvind Dahl (42) fra Kristiansand har i fire veker delteke i løpet Budapest-Bamako.

Det endar vanlegvis i hovudstaden Bamako i Mali, men i år var mållinja i Freetown i Sierra Leone. Den kryssa kameratane førre veke.

Alexander Brandsvoll, Øyvind Dahl, Marius Alvær har kjørt fra Kristiansand til Sierra Leone for å donere bil til sykehus.

Dei tre kameratane har teke fleire omvegar undervegs. (Frå venstre) Øyvind Dahl, Marius Alvær og Alexander Brandsvoll.

Foto: privat

Rallyet er på 8276 kilometer, men kameratane har lagt bak seg ei mykje lengre strekning.

– Det blei nesten 12.000 kilometer for vår del, seier Brandsvoll.

Han seier dei for gøy har teke nokre omvegar undervegs.

Les også Samler på motorsager og påhengsmotorer: – Må ha ei grei kjerring

Svein Bjørnbakk

Ingen ny bil

Kameratane har køyrt i ein pimpa 2010-modell Mitsubishi Outlander.

Den har dei mekka på i over eitt år.

Bilen fekk varsellys, blålys, 230-volts straumanlegg, trådlaust internett – og dusj.

Bilen innfridde.

– Vi vart alle imponerte over han. Tungt lasta klarte han seg på fjell og gjennom sand, medan fleire ordentlege rallybilar måtte gi opp og ikkje kom fram, seier Brandsvoll.

Alexander Brandsvoll, Øyvind Dahl, Marius Alvær har kjørt fra Kristiansand til Sierra Leone for å donere bil til sykehus.

Her er kameratane på Marokkos høgaste sanddyne, Erg Chigaga i Sahara, der dei ser ned på fellescampen i natt.

Foto: privat

Sjølve rallyet baud på nokre utfordringar.

– I Frankrike hamna vi midt oppi eit bondeopprør. Det var heilt kaos med brannar i traktorar og anarkitilstand, fortel Brandsvoll.

– Korleis var det å møte 46 grader i Guinea for nokon dagar sidan?

– Ja, då var det godt at airconditionen i bilen fungerte.

Alexander Brandsvoll, Øyvind Dahl, Marius Alvær har kjørt fra Kristiansand til Sierra Leone for å donere bil til sykehus.

Her er kameratgjengen saman med to andre bilar på landsbygda etter utstempling frå Senegal, og før innstempling i Guinea.

Foto: privat / Krisztian Elek / Story Picture Agency

Donerer bilen

Kameratgjengen deltok i ein klasse der målet var å komme fram.

Over 300 bilar var med, så det blei litt kolonnekøyring.

Planen har heile tida vore å donere bilen til eit sjukehus i Freetown.

– Bilen er til eit sjukehus i Sierra Leone, som nokre norske legar har vore med på å bygge opp etter at det vart totalt øydelagt under borgarkrigen på 90-talet, seier Brandsvoll.

Kameratane hadde snakka om å bli med på «Mongol Rally», men droppa planane då det braut ut krig i Ukraina.

Til vanleg held kameratane med på heilt andre ting. Alexander er kirurg. Marius er lagersjef og Øyvind er avdelingsleiar.

Les også På hesteryggen gjennom Mongolia

Eirik Gulsrud Johnsen - Mongolia

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %