Hopp til innhold

Store kulturverdiar kunne ha gått tapt i brannen i Risør

Brannen i Risør kunne ha gjort stor skade på eitt av dei best bevarte trehusmiljøa i Norden. Riksantikvaren seier byen har nasjonale verdiar, og at det er dramatisk når det brenn i slike område.

Risør

Dei kvite trehusa ligg tett i tett, og har gjeve Risør tilnamnet «Den kvite by ved Skagerrak». Mange reiser hit på sommaren for å få ein smak av sørlandsidyllen, som under Trebåtfestivalen.

Foto: Halvard Alvik / NTB

Fleire trehus blei ramma då det begynte å brenne i Risør sentrum. Onsdag morgon seier brannvesenet at dei er i ferd med å få kontroll på brannen, og har klart å avgrense området som har brent.

Men dersom brannen ikkje hadde blitt oppdaga så raskt, og han hadde fått tid til å spreie seg, kunne store kulturhistoriske verdiar gått tapt.

– Risør er eitt av våre viktigaste trehusmiljø i eit nasjonalt perspektiv. Her snakkar vi om nasjonale verdiar og noko som særpregar oss i Noreg med tette trehusbusetnader, seier riksantikvar Hanna Geiran til NRK.

Riksantikvaren har fleire kulturminne i Risør på lista si.

Unikt internasjonalt

Fleire av dagens trehus er bygde opp etter bybrannen i Risør i 1861. Dei kvite rekkene av trehus har gjeve Risør tilnamna «Trehusbyen» og «Den kvite by ved Skagerrak».

Trehusmiljøet har også av ulike årsaker overlevd ein periode der det var vanleg å rive gamle trehus i Noreg, seier Geiran.

Hanna Geiran

Risør er ein nasjonal kulturarv som viser eit norsk særpreg, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Foto: Elin Martinsen / NRK

– I dag er det mange som ser trehusmiljøa som ein ressurs, både kulturhistorisk og som verdiskaping. Mange er glade i trehusa, og det er dramatisk når det brenn. Dette er kulturhistoriske verdiar som tilhøyrer oss alle.

Risør har i dag eitt av dei best bevarte trehusbusetnadane i Norden, seier fylkeskonservator Yvonne Fernmar Willumsen i Agder.

Yvonne Fernmar Willumsen

Fylkeskonservator i Agder, Yvonne Fernmar Willumsen, er glad for at brannen ikkje spreidde seg meir.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det har høg arkitektonisk verdi, og er godt teke vare på. Dei seinare åra er det gjort mykje arbeid for å sette i stand hus slik dei ein gong har vore. Så det at det brenn no, er tragisk, seier ho.

Området som har brunne, ligg like ved der fleire av dei eldste husa står.

– Slik eg har sett det, er det eit område som er særleg viktig. Her ligg bygningane nesten i kvarandre, og mange av dei eldste husa er like ved der det brenn, seier Willumsen.

Viktig med brannsikring

Brannen i Storgata i Risør skal ha blitt oppdaga av eit varmesøkjande kamera. Det kan ha bidrege til at brannvesenet raskare fekk kontroll på brannen, og fekk avgrensa brannområdet.

Brann i Risør

Det brann kraftig i sentrum av Risør onsdag morgon.

Foto: Hans Petter Bjerva/Aust Agder Blad

Brannsikring er viktig for å bevare kulturhistoriske verdiar. Etter brannen i Lærdal i 2014 blei dette eit statleg satsingsområde gjennom Riksantikvaren.

– Storbrannen i Lærdal gjorde at det blei satsa ekstra på brannsikring. Det blei løyva pengar som Riksantikvaren har styrt i godt samarbeid med fleire partar, blant andre kommunane, seier Geiran.

Ho gir Risør kommune skryt for det arbeidet dei har gjort.

– Brannsikring er eit kommunalt ansvar, og her har Risør vore veldig flinke. Brannsikring er viktig. Det å oppdage ein brann tidleg er viktig for å få kontroll, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %