NRK Meny
Normal

Start-spelar på landslaget

Toppscorar Matthias Vilhjalmsson får sjansen på det islandske landslaget.

Matthias Vilhjalmsson

LANDSLAG: Matthias Vilhjalmsson feirar Start-opprykket. No ventar nye utfordringar for Island.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vilhjalmsson er utteken til privatlandskampen mot Andorra 14. november.

– Dette er veldig gledeleg. Det er sjølvsagt stort å spele for landslaget. Eg håpar at eg i alle fall får nokre minutt på bana, seier han til ikstart.no.

Islendingen ligg på andreplass på toppscorarlista i 1. divisjon. Vilhjalmsson har scora 16 mål så langt denne sesongen, og har vore sentral på laget som klar for eliteseriespel neste sesong.

– Eg jaktar fleire scoringar, seier Start-spelaren.

Søndag møter Start Kongsvinger i sin siste heimekamp denne sesongen.