Spår fiasko for Wonderloop

Ekspert på sosiale medium ved Universitetet i Agder, Øystein Sæbø, har lita tru på at mobilappen Wonderloop vil lukkast.

Hanna Aase wonderloop logo

Ekspert på sosiale medium har lita tru på at Hanna Aase frå Kristiansand sin app vil slå gjennom.

Foto: Skjermdump / Thomas Sommerset
Øystein Sæbø

Øystein Sæbø har lita tru på suksess for appen Wonderloop.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

Det er Hanna Aase frå Kristiansand som står bak applikasjonen, som vart lansert i Norge denne veka.

– Det er veldig få slike appar som lukkast. Det er forferdeleg få som kjem gjennom nålauget, seier Sæbø til NRK.

Etterlyser målgruppe

Appen, som vart lansert i USA i fjor haust, er tenkt brukt til nettverksbygging. Brukarane må registrere seg med ein ti sekund lang video der dei presenterer seg sjølv.

– Min visjon er at folk skal seie noko om kva dei ynskjer, mål og draumar for livet, sa Aase til NRK då appen vart lansert i USA.

Øystein Sæbø meiner at appen ikkje er tydeleg nok.

– Dei som slår gjennom er veldig tydlege med kva dei hjelper brukaren med, at det er eit tydleg behov, eller at den når ei så stor masse at det rett og slett i seg sjølv blir viktig å vere til stades, seier Sæbø.

– Det vert i alle fall ei utfordring å gå så vidt ut og la det vere opp til brukaren å tenkje kva nytteverdien av dette er. Du er avhengig av at det sit nokon som får lyst til å laste ned appen og ser at det gir meg eit bidrag i forhold til kva eg elles ville ha gjort. Det er ein kjempestor marknad om du lukkast, men det er nok ein vanskeleg strategi for å komme i gang, seier han.

Aase i gangen

Hanna Aase deltok på eit seminar på Universitetet i Agder i april.

Foto: Sindre Hopland/NRK Sørlandet

– Ikkje vår visjon

Gründer Hanna Aase er ikkje einig med Sæbø si vurdering av appen.

– Normalt sett kunne vi fint ha valt ut ei målgruppe. At appen til dømes skal vere for nettverksbygging for folk i teknologi, eller at appen skal vere nettverksbygging for folk som driv med musikk, seier ho.

– Men dette er ikkje vår visjon. Visjonen er at bruksområdet skal vere annleis for kvar gang ein brukar den. Litt som ein brukar Google. For oss handlar det nødvendigvis ikkje om suksess. Det handlar om å skapte noko som er heilt nytt, seier Aase.

Gründeren stiller også spørsmål ved at Sæbø ikkje har registrert seg som brukar på appen.

– Det er spesielt at han kommenterer ein app, som han ikkje har oppretta ein brukarprofil på. Det er vansekeleg å få eit skikkeleg inntrykk før du har brukt og testa appen, seier ho.

Aase har tidlegare fått støtte frå andre ekspertar på sosiale medium. Blant andre Thomas Moen, som er bloggar, gründer og ekspert på sosiale medium. Han meiner tvert imot at appen er spissa.

– Den skil seg ut fordi den berre er spissa til å knyte relasjonar. Appar må vere ekstremt spissa, og treffe rett til rett tid for å lukkast, sa han til NRK i fjor.

Har fått millionstøtte

Eksperten på sosiale medium meiner også at det vil krevje store ressursar dersom Wonderlopp vert ein suksess.

– Dersom ho lukkast må ho bli veldig stor. Det vil krevje eit ganske stort apparat. Det er snakk om lyd og bilete og ganske tung prosessering av data. Først må ho bryte lydmuren for å komme gjennom. Så må ho ha ein organisasjon som klarer å ta unna, seier Sæbø.

Wonderloop har fått 600 000 kroner frå Innovasjon Norge. I tillegg har Rederiet Ugland i Grimstad spytta inn tilsvarande sum.