Hopp til innhold

Sørlandet bada i nordlys

Over store deler av Agder blei nordlyset observert og foreviga av skodelystne sørlendingar.

Nordlyset lyste opp Mollestad-eika

Mollestadeika opplyst i Nordlys på Vestre Mollestad i Birkenes kommune i Agder.

Foto: Bryn Perret

Det er sjeldan at nordlyset kan sjåast så langt sør, men både sundag og måndag kveld og natt varsla yr.no store sjansar for å sjå nordlys over hele Sør-Noreg.

Og ved 22-tida var nordlyset godt synleg over store deler av Kristiansand og andre stader på Sørlandet.

Nordlys over Byremo.

Nordlyset dansar over Byremo.

Foto: Knut Terje Øydna Log

Til topps på truger

Mange sørlendingar hadde fått med seg varslinga om nordlys og tok turen ut for å få eit glimt av det.

Ein av dei var Salve Ljosland, på Ljosland i Åseral. Han spente på seg trugar og gjekk opp til den høgste toppen Skoræ, i Åseral. Og det var verdt det.

– Ei fantastisk oppleving! Seier Ljosland og held fram:

– Vi såg ikkje nordlyset, vi var i det!

Nordlys på Ljosland i Åseral

Dette synet møtte Salve Ljosland på toppen av Åseral sin høgste topp, Skoræ, vel 1000 meter over havet.

Foto: Salve Ljosland / Salve Ljosland

Solstorm trefte jorda

Og årsaka til det spektakulære lys-showet over Sør-Noreg:

– Det skyldas nokon kraftige utbrot på sola kor sola slynger ut enorme gass- og magnetfelt som da treffer jorda eit par dagar seinare.

Det seier solforsker Pål Brekke.

Og nettopp fordi det tar tid for desse utbrota å treffe jorda kan ein varsle nordlys nokre dagar på førehand.

Nordlys over Raet nasjonalpark i Arendal.

Raet nasjonalpark i Arendal, opplyst av nordlys.

Foto: Siv Bente Ulvestad

– Når denne gass-skya treffer jordas magnetfelt så blir denne veldig forstyrra. Vi kallar det ein geomagnetisk storm, og jo kraftigare solstorm som treffer jorda, jo lenger sør vil nordlysbeltet strekke seg, seier Brekke.

Pål Brekke i Norsk Romsenter

Pål Brekke er solforsker og opphavleg frå Arendal. No befinn han seg på Svalbard.

Foto: Tore Meek / NTB

Døde ånder og mytologi

Kvifor blir vi så fascinert av Nordlyset?

– Det heng vel litt saman med at det både er eit litt sjeldan fenomen som man ikkje ser så ofte. Sjølv om man drar til Nord-Noreg så er man ikkje garantert å sjå kraftig Nordlys, seier Brekke som sjølv oppheld seg på Svalbard.

Nordlys sett fra Søm i Kristiansand

Nordlyset foreviga frå Søm i Kristiansand.

Foto: Gabriela Melo Larsen

I tillegg har nordlyset ein lang, mystisk og mytologisk historie.

Har du sett nordlyset over Sør-Norge dei siste dagene?

– Før så trudde ein at det var døde ånder som prøvde å snakke med folk på jorda. Det tok eit par hundre år før nokon klarte å løyse gåta om nordlyset og det var faktisk Christian Birkeland frå Noreg. Sidan er det gjort mykje forsking rundt Nordlys og ikkje minst er det blitt ein stor turistmagnet for Noreg.

Nordlys over Risør.

Nordlys over Risør.

Foto: Kari Avreid

Solforskaren samanliknar jakta på nordlyset med laksefiske.

– Sjølv om ein drar på laksefiske er det slett ikkje kvar gong du får laks. Derfor er det ei anna oppleving å dra på laksefiske enn å fiske makrell på Sørlandet kor du får 300 i løpet av eit kvarter.

Nordlys over Evje.

Både to- og firbeinte kunne oppleve nordlyset over Sørlandet i natt. Her, på Evje.

Foto: Merete Lislevand

Nye sjansar

Gjekk du glipp av nordlyset i går så kan du få sjansen att snart.

Det vil sannsynlegvis komme fleire moglegheiter framover. Her kan du sjå når nordlyset treff Noreg.

– Sola er veldig aktiv, og meir aktiv blir ho dei neste åra, seier solforsker Brekke.

Nordlys over Tronstadvann

Trolsk ved Tronstadvann

Ifølge solforsker Pål Brekke trodde man tidligere at nordlyset var døde ånder som prøvde å kommunisere med menneskene. Trolsk stemning var det i alle fall i Songdalen i Kristiansand mandag kveld.

Foto: Per Arne Bjørnholm

Skispor og nordlys

Her er nordlyset i all sin prakt over skiløypene på Hovden i Bykle kommune.

Foto: David South

Skjærgårdsstemning

Slik så det ut da nordlyset danset over skjærgården i Farsund.

Foto: Mona Rom Kjørrefjord

Nordlys på Jølle

Nordlys over Lista

Nordlyset viste seg helt ytterst i havgapet på Jølle på Lista.

Foto: Lillian Krag

Nordlys på Ljosland i Åseral

Nordlyset 1000 meter over havet

Slik så nordlyset ut på toppen av Åseral.

Foto: Salve Ljosland

Øvre Gjerstad Nordlys

Nordlys i Gjerstad

Himmelen lyste opp over øvre Gjerstad i Agder i går kveld.

Foto: Espen Dalen

Nordlys i Vennesla

Lyste opp Otra

Elva Otra som renner gjennom Vennesla ble flott lyst opp av nordlyset i går.

Foto: Johan Anders Bredesen

Nordlys ved Randøya

Skjærgården i Kristiansan

Fra Randøya i Kristiansand kunne man se nordlyset bevege seg over himmelen. Foto: Frode Bjorvand

Nordlys på Hoslemo

Nordlys over snødekte fjell

Det kraftie nordlyset skyldes gass- og magnetfelt som slyges ut fra sola og treffer jorda et par dager senere. Her sees nordlyset over Hoslemo i Bykle.

Foto: Reidun T. Bjørnarå

Nordlyset lyste opp Mollestadeika i Birkenes.

Mollestadeika i Birkenes

Mollestadeika i Birkenes på Agder ble enda mer spektakulær i nordlyset.

Foto: Bryn Perret

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %