Hopp til innhold

Snowboardeliten hyllar Hovden

Ståle Sandbech og Aleksander Østreng har i skjul spelt inn ein internasjonal snowboardfilm på Hovden. Det kan bety mykje for Hovden Alpinsenter i framtida.

Ståle Sandbech

Her er snowboard-profilene samlet ved Nos på Hovden. Fra venstre Len Roald Jørgensen, Ståle Sandbech, Olav Stubberud og Alek Østereng.

Foto: Privat

Då eit av verdas største snowboardmagasin nyleg skulle spele inn nokre av scenene til ein ny snowboardfilm falt valet på Hovden Alpinsenter i Aust-Agder.

Ståle Sandbech

Landslagsprofil Ståle Sandbech skryt av Hovden Alpinsenter.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Med seg på laget hadde Transworld snowboarding landslagsprofilane Ståle Sandbech og Aleksander Østreng. Sandbech skryt av Hovden.

– Eg vil tru at det er den beste parken i Noreg. Eg blei heilt overraska, og tykkjer det er rart at eg aldri har vore der før.

Hovden framfor USA

Det var parkbyggar og presseansvarleg ved alpinparken, Kris Kristensen, som foreslo Hovden for landslagskøyrarane.

Sandbech

Ståle Sandbech deltok i sitt første OL ved vinter-OL 2010 i Vancouver, 16 år gammel, som tidenes yngste mannlige norske OL-deltager.

Foto: FRANCK FIFE / Afp

– Eg møtte dei under eit anna oppdrag, og fortalde kva Hovden kunne by på. Dei ville prøve noko nytt og tok turen til oss.

Han seier det kan ha mykje å seie for alpinsenteret i framtida.

– Vi får vist fram Hovden som eit snowboardparadis.

Sandbech omtalar også Hovden som eit paradis for brettkøyarar, og seier han vil vie meir tid til trening i heimlandet enn han har gjort tidlegare.

– Når eg ser slikt så opnar det auga for at eg kan vere meir i Noreg om vinteren, og eventuelt vere på Hovden å trene i staden for å dra til USA.

Hemmelege opptak

Ifølgje Kristensen er opptaka som vart gjort i byrjinga av mai hemmelege, og vil først visast til publikum når filmen lanserast på nett til hausten.

Lasse Eidskrem

Destinasjonssjef hos Fjellbyen Hovden Lasse Eidskrem.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Sandbech seier hemmeligheitskremmeriet grunnar i at det vart bygd ekstraordinære hopp i samband med filmen, med element som ikkje er ordinære.

Destinasjonssjef hos Fjellbyen Hovden, Lasse Eidskrem, seier den positive omtalen kan hjelpe alpinanlegget å plassere seg på vinterkartet.

– All PR er god PR, og det at slike profilar i dette miljøet har lagt filminga til Hovden trur eg er veldig positivt.

Film til inspirasjon

Fred Arne Wergeland frå Kristiansand har arbeidd med skifilmar i over ti år. Han har blant anna jobba som fotograf i TV-programmet 71 grader nord og Amazing Race, og vann i 2014 ein gjev pris i den amerikanske filmfestivalen «Coldsmoke Awards».

Fred Arne Wergeland

Fred Arne Wergeland frå Kristiansand har arbeidd med skifilmar i over ti år.

Foto: privat

Han fortel utøvarane kan bruke fleire månadar på å få dei beste triksa på film.

– Utøvarane held gjerne på ein heil vinter for få til eit segment som varar nokre få minutt.

Wergeland seier filmar om vintersport kan vise kva nivå utøvarane ligg på - til inspirasjon for andre.

– Slike filmar er kanskje ikkje kjempeinteressant for eit stort publikum, men for dei som er veldig interesserte så ser dei kor lista ligg, og kva dei beste i verda har fått til i løpet av ein sesong.

Sjå tidlegare laga video av Snowboardforbundet med det norske snowboardlaget:

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %