Fakta
LYD OG VIDEO
![Video Video](http://img.nrk.no/img/198334.gif)
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Jebsen om Dent-o-sept
- LYD: Drikkevatnet er bra, sier Fredrik Ording reportar Terese Haaland
- Munnpensler - Snøgg - Sørlandet
I følge Fædrelandsvennen skal pseudonomasbakteria ha kome inn i produksjonssystemet gjennom drikkevatnet, og festa seg i ei vannslange mellom krana og maskinen som pakkar munnpenslane.
Vatn er hovudingrediensen i dento-sept-væska og kvar gong fabrikken blanda ny væske har vatnet gått gjennom den infiserte slangen.
Lette for tilsette
Styreformann i Snøgg Industrier Oscar Jebsen seier at dette er ei lette for dei tilsette, men seier at Snøgg framleis har eit ansvar sidan det var der smitte oppstod.
Snøgg industrier brukte ikkje sterilt vatn i produksjonen.
Fabrikken har allerede lagt ned produksjonen av Dent-o-sept for godt.
Drikkevatnet ikkje farleg
Drikkevatnet i Kristiansand er ikkje farleg. Det seier overingeniør Fredrik Ording i næringsmiddeltilsynet i Vest-Agder til NRK Sørlandet.
Ording tilbakeviser at det finnes så store mengder av pseudonomasbakterien i drikkevannet at det er helsefarleg.
Bakterien fins normalt i drikkevatn, men i små konsentrasjonar. Forureininga av munnpenselen må ha skjedd etter at vatnet har kome til bedriften, og bakteria har formert seg.
Ording seier og at drikkevatnet i Kristiansand vert jamt og grundig overvaka
Næringsmiddeltilsynet har skrive rapporten på oppdrag for Snøgg.