Hopp til innhold

Kommunen pålegg eigar å sikre drivhus

Drivhusa som kollapsa under snøvêret tidlegare i år blir ikkje rydda opp i før forsikringssaka er avklart. Nå pålegg Grimstad kommune eigar å sikre anlegget.

Nesten seks månader har gått sidan ei rekke gartneri i Grimstad blei øydelagde då eit kraftig snøvêr trefte Sørlandet.

Ennå er ingenting reparert.

Det er framleis ingen produksjon i dei fleste drivhusa til Kristiansens gartneri.

– Det er kjedeleg for oss som bur her. Ikkje er det fint å sjå på heller, seier nabo Andreas Gromsrud.

Han har tidlegare gått forbi med barnevogn, og fortel at han har sett eit par plater komme flaksande.

Nå har gartneriet fått pålegg av kommunen om å sikre delar av bygningsmassen.

Nabo går forbi det ødelagte drivhuset til Kristiansens gartneri.

Nabo Andreas Gromsrud triller barnevognen på en grusvei forbi Kristiansens gartneri i Grimstad.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Kan fly ut på E18

Næraste nabo for gartneriet er E18.

– Alle lause gjenstandar må sikrast, sånn at dei ikkje kan fly ut eller komme seg ut på E18. Han sa han skulle sette over eit nett. Det ville jo vere tilstrekkeleg.

Det seier Marius Raael som einingsleiar for byggesak i Grimstad kommune.

Les også Skjøt utenfor huset til feilopererte Jimmy: – Jeg er livredd

Jimmy Robinson

Gartneriet seier dei vil gjere det som trengst HMS-messig.

– Det må vi gjere forsikring eller ei. Men rein visuell opprydding, då ventar vi på midlar, seier Truls Haugsrud, driftsleiar ved J. Kristiansens Gartneri.

Truls Haugsrud, driftsleier ved J. Kristiansens Gartneri i et av dei øydelagte drivhusa i Grimstad.

Truls Haugsrud, driftsleier ved J. Kristiansens Gartneri, meiner forsikringa burde betale for skadane på gartneriet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Forsikring framleis uavklart

Spørsmålet om kven som skal betale for skadane, er framleis uklart.

– Vi meiner framleis at vi har forsikringsdekning for dei skadane vi fekk som følge av uvêret på nyåret, seier Haugsrud.

Haugsrud meiner forsikringsselskapet Gjensidige har brukt skuffande lang tid, først på avslag, så responstid på klaga på avslaget.

Les også Livsverket i ruiner – må mulig betale millionregning selv

Skogheim gartneri i Grimstad måtte bukke under for snøen

Går truleg til retten

Gjensidige seier til NRK at dei meiner skadane ikkje er omfatta av forsikringa.

Sidan fleire gartneri har engasjert advokat og ønsker å få ei rettsleg avgjerd, vil dei ikkje seie noko meir om saka.

Skadane på gartneriet er i hundemillionersklassen, ifølge gartnaren.

Og så lenge det framleis er ei forsikringssak, kan ikkje gartnaren søke til staten om naturskadeerstatning.

Ministerbesøk i drivhus

Landbruksminister Geir Pollestad (til venstre) var på besøk til gartneriet til Truls Haugsrud (til høgre).

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Drivhus ødelagt under snøstorm i januar i Grimstad.

Fem måneder etter snøstormen ligger drivhus-ruinene uforandret.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Les også Stor skogbrannfare i Agder: – Din ild, ditt ansvar

Skogbrann Åmli

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %