NRK Meny
Normal

Smugla sprit og øl for millionbeløp

Ein 41 år gammal mann frå Polen la på sprang då Statens vegvesen ville kontrollere lastebilen hans. Kontrollen avdekte ei rekkje lovbrot.

Smuglervarer

Då vegvesenet opna lastebilen kom 1300 liter utanlandsk brennevin og 8500 liter utanlandsk øl til syne.

Foto: Politiet

No må mannen møte i retten mellom anna tiltalt for smuling av store mengde sprit og øl.

19. januar i fjor vart mannen vinka til side under ein kontroll i regi av Statens vegvesen på E39 i Flekkefjord.

Vegvesenet ba om å få sjå nærare på både lastebilen og lasta. Då la mannen på sprang.

Då vegvesenet opna lastebilen kom 1300 liter utanlandsk brennevin og 8500 liter utanlandsk øl til syne.

Ingen av varene var tollklarert. I tiltalen går det fram av mannen hadde unndrege avgifter for over ein million kroner.

Det viste seg også at lastebilen var stolen og hadde falske skilt. Understellsnummeret på lastebilen viste at den var danskregistrert, trass i at den køyrde rundt med norske skilt.

Mannen køyrde også med tyngre last enn det lastebilen var registrert for.

Mannen er også tidlegare dømd for smugling.

Smuglervarer

Lastebilen, som vart stansa på E39 i Flekkefjord.

Foto: Politiet