Hopp til innhold

I framtida kan det bli billigare å fikse skoa her

Skomakar Blom fiksar både sko, smykke, båtkalesjer og sekker. Til hausten skal regjeringa greie ut moglegheita for momsfritak på reparasjonar og brukte varer.

Pål Blom Bohre. momsfritak på gjenbruk

Pål Blom Bohre har jobba som skomakar i over 30 år og synest det høyrest fantastisk ut med momsfritak.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

– Skomakaryrket har vorte ganske allsidig. Folk kjem hit med all verdsens ting, seier skomakar Pål Blom Bohre i Arendal.

Han er glad for at regjeringa no skal greie ut moglegheita for momsfritak på reparasjonar og brukte varer.

Sjølv fiksar han alt frå båtkalesjer og smykke, til sko og øksar.

– Det er ingen vits at reparasjonar skal straffe seg for dei som kjem. Så eg synest det høyrest heilt fantastisk ut med momsfritak, seier Bohre.

Momsfritak på brukte varer og reparasjonar har vore eit ønske frå mange det siste året. På den måten kan forbruket reduserast og ein bidreg til å nå klimamåla.

Skomaker Pål Blom Bohre. momsfritak på gjenbruk

Pål Blom Bohre i gang med å reparere ein brukt sko.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Jobbar med handlingsplan

Denne veka vart temaet teke opp på ein debatt under Arendalsuka.

Statssekretær Kjersti Bjørnstad (Sp) frå Klima – og miljødepartementet seier skatte og avgiftsgrep kan vere ein del av løysinga.

– Samtidig må vi utvikle nye produkt som er mogleg å bruke om att og mogleg å reparere. Vi må også sørgje for at vi har handverkarar som kan gjere jobben, seier Bjørnstad.

Ho fortel at det no blir jobba med ein handlingsplan for sirkulær økonomi der «verktøykassa» blir fylt med ulike tiltak.

– Det er alt frå praktiske grep til lovreguleringar og endringar som tek lengre tid å greie ut og innføre.

momsfritak på gjenbruk. Statssekretær Kjersti Bjørnstad.

Statssekretær i Klima – og miljødepartementet Kjersti Bjørnstad.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Nye varer er for billige

Økonomiprofessor Jarle Møen var ein del av det regjeringsoppnemnde skatteutvalet og til stades under debatten på Arendalsuka.

Han meiner problemet med å få til momsfritak ikkje ligg i marknaden for gjenbruk og reparasjon, men at nye varer er for billig.

– Dei forureinar i landa dei blir produserte og landa har ikkje ein tilstrekkeleg miljøpolitikk. Det gjer det krevjande å få på plass ein effektiv miljøpolitikk i Noreg, seier Møen.

Han meiner det enklaste grepet innanfor momsfritak vil vere å fjerne moms på gjenbruk.

Les også Bellona-Hauge ut mot naturvernere: – Stopper miljøkampen

Frederic Hauge, Arendalsuka

«In» med gjenbruk

I bakgarden hos skomakar Blom er Wenche Sandtveit innom for å hente eit par sandalar ho har fått reparert.

Sandtveit heiar på forslaget om momsfritak på reparasjonar og brukte varer.

– No er det «in» med gjenbruk og det blir billigare for kundane. Det er også bra for miljøet, seier ho.

Skomakar Blom fortel at det er dei eldste som er flinkast til å reparere tinga sine, men at dei også har 12-åringar innom med ranslar som dei ønskjer å fikse.

– Dei lærer nok ein del på skulen om at dei ikkje skal kaste ting og at vi må ta vare på naturen, seier han.

Les også Teltboom etter pandemien: – Billig inngangs­billett til ferien

Tidligere ferierte de i campingvogn, men Anne Merete Øybrekken og datteren Mali Øybrekken Sunde trives bedre i det 46 kvadratmeter store familieteltet med stue- og kjøkkendel, to soverrom og garderoberom. Istedenfor teltstenger, holdes teltet oppe av luft.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %