Hopp til innhold

Skade har plaga landslagsstjerne i snart eit år

Marta Tomac må ta smertestillande for å komme seg gjennom enkelte kampar. Ein vond hæl kunne i verste fall ha øydelagt EM.

Marta Tomac

Ein vond hæl skapar utfordringar for Marta Tomac.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Den er ganske vond heile tida. Men eg har nokre gode og nokre dårlege dagar. Eg trenar heile tida, så det går ikkje utover totalbelastinga, men det går nok utover prestasjonane mange gonger, seier Tomac til NRK.

Det var ikkje synleg under EM i Sverige i desember. Der leverte Tomac fleire sterke kampar og bidrog til å sikre norsk gull.

Hælen spelte på lag og trønderen kunne feire sitt andre meisterskapsgull på to år.

– Den var veldig vond før jul, men under EM hadde eg den under kontroll. Men den er ikkje heilt bra. Plutseleg kan eg vakne med halting og vondt, seier Tomac.

Marta Tomac, Vipers Kristiansand

Marta Tomac og Vipers mot Larvik i ein seriekamp tidlegare denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Alltid vondt

Det er ein betennelse i hælen som har skapt utfordringar for 26-åringen frå Trondheim.

Skaden, som truleg har oppstått på grunn av overbelasting, kunne i verste fall ha gjort at ho ikkje vart utteken til EM i Sverige.

– Sjølvsagt. Men eg spelar handball og når eg klarer å prestere toler eg å ha litt vondt. Det er alltid vondt, men den har vore med meg i snart eit år. Eg er ganske vand med det, og har lært meg å leve med det, seier Tomac.

Operasjon er ikkje aktuelt. Kvile og ulike øvingar er einaste sikre medisin. Men det er ikkje lett for ein toppidrettsutøvar midt i ein sesong der Vipers kjempar om sin første eliteseriemedalje sidan 2003.

– Dei seier at dersom eg ikkje kan kontrollere belastinga er eg ute i tre til fire månader, og då er det ikkje ein gong sikkert at den hadde blitt bra. Det er berre kvile som hjelper, seier ho.

EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

Marta Tomac (t.h.) feirar EM-gull saman med Camilla Herrem og tidlegare Vipers-spelar Veronica Kristiansen.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Må passe på heile tida

Det betyr at ho heile tida må passe på for å unngå overbelasting som kan forverre skaden.

– Det gjeld å trene mykje, men eg må passe belastinga, og det tykkjer eg er litt vanskeleg. For du har heile tida mål du vil nå. Då gløymer ein det litt, for eg er vand med å leve med det. Eg trur det påverkar meg litt meir enn eg skulle ønske at den gjorde, seier ho.

Tomac er ein av bærebjelkane på hardtsatsande Vipers Kristiansand. Trenar Kenneth Gabrielsen er på vakt for å unngå å forverre skaden.

– Vi må vere litt forsiktige heile tida. Ho kan ikkje trene meir enn ei handballøkt om dagen. Men eg syns vi klarer å halde det i sjakk ganske bra. Det går fint. Marta er i rute, seier Gabrielsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %