Hopp til innhold

Vipers har signert keeperstjerne

Den rutinerte keeperen Silje Solberg-Østhassel (33) er klar for Vipers Kristiansand. Dermed vil landslagets keeperduo kjempe om plassen på klubblaget kommande sesong.

Silje Solberg-Østhassel

Silje Solberg-Østhassel vender heim til Noreg etter å ha spelt for Györ sidan 2020.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Først og fremst var eg veldig glad for at interessa var der, og at eg kunne ha sjansen til å komme heim til Noreg og halde fram med å spele på det aller høgste nivået, seier Solberg-Østhassel i ei pressemelding.

Fædrelandsvennen melde om overgangen først.

– Vi er kjempestolte og veldig glad for at ho kjem til Kristiansand, seier dagleg leder i Vipers, Benedicte Løyland til NRK.

Treårskontrakt

Landslagskeeperen spelar no i den ungarske toppklubben Györ. Kontrakten med ungararane går ut etter denne sesongen. Ho har nå skrevet under på ei treårskontrakt fram til sommaren 2027.

Når kontrakten utløpar vil ho vere 37 år.

– Etter ti år i utlandet for meg og min familie, så er dette det perfekte tidspunktet å komme heim på, seier Solberg-Østhassel i pressemeldinga.

Dermed vil landslagets keeperduo også konkurrere om keeperplassen på klubblaget neste sesong.

Katrine Lunde si kontrakt med Vipers går ut sommaren 2025.

Berga av millionar

Vipers Kristiansand har vore gjennom ei særs utfordrande tid. I meisterligaen har det gått trått for klubben som var vunne turneringa tre sesongar på rad.

Men Vipers er klar for play-off, der dei skal kjempe om kvartfinaleplass.

Konkursspøkelset har truga klubben i fleire månader. Men ei «redningspakke» på oppimot 6 millionar kroner har no berga klubben si satsing.

Næringsliv og kommune spyttar inn fleire millionar kroner. Klubben unngjekk dermed konkurs.

Torsdag vart det også kjent at stiftinga Cultiva truleg går inn med 5 millionar kroner i klubben.

Les også Vipers unngår konkurs: – Veldig deilig!

Paal Hennig-Olsen og Benedicte Løyland

Kan vinne nytt gull

I helga kan Vipers sikre meir edelt metall i premieskapet sitt. Klubben kan vinne sitt sjuande NM-gull på rad.

Det er NM-sluttspel i Arendal, der Vipers møter Larvik i semifinalen.

Dersom dei tek seg vidare ventar Storhamar eller Sola i finalen i Sør Amfi søndag.

Les også Solfrid Koanda tok tre EM-gull på en kveld: – En fenomenal prestasjon

Solfrid Koanda tar EM-gull

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,57 kr
Dyrest kl. 08 2,3 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %