Ser fram mot innspurten
Jerv-trenar Arne Sandstø ser no fram mot å møte laga som ligg nærast dei på eliteserietabellen. Søndag tapte Jerv 2-4 mot serieleiaren.
Jerv låg under 0-2, men kom seg inn igjen i kampen då det stod 2-2 rett før slutt. Men Molde sine to scoringar på tampen gjer at Jerv no ligg sist på tabellen.
– Vi går inn i ein veldig spennande fase. Vi får sjå kor tøffe i trynet vi torer å vere. Vi må vere litt som i dag. Klarer vi det bør vi kunne konkurrere mot desse laga, seier Sandstø.