Hopp til innhold

Sensor skal førebyggje pipebrann

Denne vesle svarte boksen kan vere med på å føreseie ein pipebrann. Målet er å installere nesten 15.000 slike sensorar rundt om i landet i løpet av året.

Pipesensor

Denne vesle boksen skal både kunne gi informasjon om når det er behov for å feie pipa, og varsle om det oppstår ein pipebrann.

Foto: Karoline Sundfør / NRK

– Eg vart litt nysgjerrig. For min del er det jo ein auka tryggleik. Vi fyrer jo mykje, mykje meir no enn det vi har gjort tidlegare, seier Magne Langseth.

Huseigaren i Mandal har som så mange andre brukt peisen som varmekjelde nummer éin i vinter.

Sjølv om risikoen for pipebrann er liten i det nye huset hans, er han med i eit pilotprosjekt for å førebyggje nettopp dette.

Han tok sjølv kontakt etter at han såg ein annonse i lokalavisa der dei søkte etter frivillige.

Førre veke fekk han montert ein liten svart boks på pipa. Frå den vesle boksen går ein sensor inn i skorsteinen og varslar dersom temperaturen blir for høg.

– Det kostar meg jo ingenting. For det andre giret det jo brannvesenet informasjon som dei kan bruke i arbeidet sitt.

Det var Lindesnes Avis som først skreiv om saka.

Magne Langseth

Huseigar Magne Langseth er takksam for at han får vere med på pilotprosjektet. – No fyrer vi for det meste med ved, og då blir det jo sjølvsagt auka trykk på pipa.

Foto: Karoline Sundfør / NRK

Mykje informasjon frå ein liten boks

Fleire brannvesen rundt om i landet er med på pilotprosjektet, som er eit samarbeid med teknologiselskapet Airmont.

I tillegg til Brannvesenet Sør, har Airmont inngått avtale med Bjørnafjorden Brann og redning utanfor Bergen.

I Halden er det bestilt sensorar til alle piper i kommunen.

Målet er først og fremst å finne ut av når det er eit reelt behov for å feie pipa.

– I staden for å gå rundt å feie på masse reine skorsteinar som vi har gjort før, så vil denne kunne seie frå når det er behov for å feie neste gong, seier Torbjørn Høyland.

Avdelingsleiaren i Brannvesenet Sør fortel at kunstig intelligens kan berekne behovet ut frå fleire faktorar som temperatur, eller kva slags skorstein eller eldstad ein har.

– Og så vil han i tillegg kunne seie frå viss temperaturen byrjar å bli så høg at det er fare for pipebrann.

Boksen har ei levetid på åtte år. Den er støypt i plast, for at ho skal vere fullstendig verna mot vêr og vind.

Torbjørn Høyland, avdelingsleder i Brannvesenet Sør

Torbjørn Høyland, avdelingsleiar Brannvesenet Sør, har god tru på at pipesensoren kan gi verdifull informasjon til brannvesenet.

Foto: Karoline Sundfør / NRK

Auke i pipebrannar

Tal frå Brannvernforeningen viser at talet pipebrannar aukar. I 2021 vart det registrert 1596 pipebrannar i Noreg, 468 fleire enn i 2020.

I tillegg er det mange som ikkje blir registrert, fortel Anders Kristoffersen som er driftsansvarleg i Brannvesenet Sør.

– Det er ofte naboar som oppdagar det. Anten ved at dei ser det brennar, eller at dei luktar det.

Pipesensor

Boksen med sensor er utvikla av teknologiselskapet Airmont. Allereie er det inngått avtale om levering av nesten 15 000 i løpet av året, og selskapet er i dialog med fleire brannvesen rundt om i landet.

Foto: Karoline Sundfør / NRK

I løpet av det neste året er målet at rundt 1000 piper i Agder skal få ein eigen sensor. I Halden er talet 12 000.

Det kan vere til stor hjelp for brannvesenet i arbeidet sitt, og kan forhindre at pipebrannen i verste fall utviklar seg til å bli ein bygningsbrann.

– Jo tidlegare ein brann blir avdekt, jo tidlegare kan vi vere på plass, og jo meir førebyggjande arbeid kan vi få gjort, seier Kristoffersen.

I peisen til Magne Langseth kjem det til å vere høg temperatur ut vinteren, og då er sensoren kjekk å ha.

– Vi merkar jo ingenting til at han er der, og fyrer som vanleg. Eg er veldig takksam for at eg fekk vere med på prosjektet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %