Hopp til innhold

Såpeglatte vegar i Vest-Agder

Snøen har skapt store problem spesielt i Vest-Agder onsdag.

Video Kaos på veiene

VIDEO: Det har vore kaos på vegane onsdag.

– Enkelte stader er det såpeglatt. Det vert stort sett køyrt forsiktig. Problemet er i hovudsak utanlandske trailarar som ikkje er skodde for glatte vintervegar, seier sjef i Utrykningspolitiet, Øystein Krogstad til NRK.no.

Betre brøyta i dag

Tysdag vedgjekk Vegvesenet å ikkje har gjort ein god nok jobb.

– Nokre stader vestover på E39 har det vore dårleg brøyta. Men vi meiner det er noko betre i dag enn i går. Mellom Lyngdal og Flekkefjord spesielt var det såpeglatt med underkjølt regn, seier han.

– Slikt er ikkje godt for Vegvesenet å ta akkurat det. Her er det bilistane som må ta afære. Dei må køyre forsiktig og sko seg riktig, seier Krogstad.

Fleire vogntog har stått fast på E39 i Vest-Agder i føremiddag. Fleire av dei var utanlandske.

Får ikkje luka ut alle

– Dei skal ikkje få køyre viss dei er for dårleg skodde. Men vi har ikkje så mykje folk at vi klarar å luke ut alle saman. Vi prøver å ta dei i samarbeid med vegvesenet. Vi tek ein del på ferjeterminalen, seier han.

– Men så kjem det nokre austifrå. Får vi ikkje luka dei ut før dei står fast, vert det trøbbel. For dei er kjempesvære, seier UP-sjefen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %