Hopp til innhold

Saksøker sjukehus etter feilbehandling

Familien til Lene Charlotte Johannessen (47) fra Søgne har bestemt seg for å saksøke Sørlandet sykehus for feilbehandling etter at ho døydde av kreft.

Familien til Lene Charlotte Johannessen (47) fra Søgne har bestemt seg for å saksøke Sørlandet sykehus for feilbehandling etter at ho døydde av kreft.

Arvid Ramsland meiner sykehuset har svikta totalt.

– Eg gjer ikkje dette for pengane, men for at dottera mi skal ha ei framtid utan mor si, og for at det same ikkje skal skje med andre, seier Arvid Ramsland til NRK.

18. august døydde kona hans etter to og eit halvt års kamp mot kreft i ansiktet.

Det var han som pleia ho dagleg, og som såg livet forsvinne gradvis. Ho etterlet seg ektemannen, deira felles dotter på 11 år og tre eldre barn.

Tannpine var kreft

Då NRK besøkte 47-åringen for to månader sidan var ho sterkt prega av kreftsjukdommen, som hadde angripe ansiktet hennar.

Arvid Ramsland

Arvid Ramsland har tøffe år bak seg. No startar kampen for erstatning.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Ho vog berre 36 kilo og gjekk på sterke smertestillande medisinar.

Det heile starta to år tidlegare. Ho fekk ein klump i kinnet etter tannbehandling. Legane tok henne ikkje på alvor, men skreiv ut den eine pencilinkuren etter den andre.

Då ho kom til Rikshospitalet spurte ein ny lege kvifor dei ikkje hadde komme tidlegare.

Det gjekk fire månader før det vart teke ei prøve, som konstaterte alvorleg kreft i kinnet. Då var det for seint.

Etter to år med mislukka behandling og store smerte døydde ho. No startar kampen for erstatning.

– Det er ikkje eit menneske til i dette landet som skal oppleve det vi har gjort. Sørlandet sykehus har svikta totalt, seier Ramsland.

– Jeg prøver så godt jeg kan å holde humøret og livsgleden oppe på grunn av ungene, sier kreftsyke Lene Charlotte Johannessen fra Søgne. Hun er kun 47 år gammel, men sterkt preget av kreft i ansiktet. Ektemannen Arvid Ramsland (53) pleier sin kone døgnet rundt.

NRK besøkte familien i juli - kring ein månad før ho døydde. Då etterlyste ektemannen hjelp til å pleie kona.

Beklager

Johannessen fekk 280 000 kroner frå Norsk Pasientskadeerstatning medan ho levde.

No engasjerer familien advokat i håp om ei erstatning, som kan vege noko opp for tapet av ei mor og ektefelle.

– Det skulle ikkje ha vore naudsynt. Om det er slik at dei skal knekke menneske, så skal dei i alle fall ikkje knekke meg. Eg køyrer på så lenge eg kan, seier Ramsland.

Sjukehuset har tidlegare beklaga at ho ikkje vart høyrt, og at ho ikkje fekk ta biopsi tidlegare.

– I ettertid så beklagar vi at ho føler at ho ikkje vart høyrt. Vi beklagar også at vi ikkje tok ein biopsi tidlegare, sa Sverre Steinsvåg, avdelingsleiar ved Øyre, nase og halsavdelinga ved Sørlandet sykehus til TV2 for to år sidan.

No seier Sørlandet sykehus til NRK at det er beklageleg når pasientar får diagnose for seint, slik at behandlinga vert forseinka for alvorleg sjuke menneske.

Utover dette vil ikkje sjukehuset kommentere saka.

Arvid Ramsland og Bård Hoksrud

Arvid Ramsland i samtale med blant andre Bård Hoksrud (Frp).

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Hoksrud: – Sterkt

Historia går sterkt inn på Frps helsepolitiske talsmann Bård Hoksrud.

– Det er sterkt å høyre korleis dei har opplevd helsevesenet. Det er definitivt ikkje slik vi ynskjer at dei skal oppleve det. Det er alvorleg at ein ikkje oppdagar alvorlege sjukdommar før lenge etter ein kanskje kunne, seier Hoksrud.

– Når ein overlege på sjukehuset vedgår at det er gjort feil, då er det klart at det er urimeleg. Her ser vi at personar i helsevesenet vedgår at dei har gjort ein feil. At ein då må ta kampen gjer sterkt inntrykk.

Bård Hoksrud, Frp

Bård Hoksrud (Frp) seier historia til Lene Charlotte Johannessen gjer sterkt inntrykk på han.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %