Hopp til innhold

Årets russekull arrangerer treff mot narkotika

For første gong arrangerer russen på Sørlandet sjølv eit anti-narkotika treff i forkant av vårens feiring. No skal dei besøkja fleire vidaregåande skular i Agder.

Elever ved kvadraturen videregående skole.

Elevar ved Kvadraturen vidaregåande skule i Kristiansand ønskjer å ha fokus på narkotikabruk i russetida.

Foto: Espen Bierud / NRK

– Eg ønskjer ikkje å sjå dei rundt meg ta narkotika fordi det er farleg. Det er viktig for meg, seier Jesper Werner Jørgensen.

Han er russepresident ved Kvadraturen vidaregåande skule i Kristiansand.

Denne veka lanserte elevane ved skulen ein kampanje mot narkotika. Elevane meiner det er eit stort problem.

– Narkotika bidreg ikkje til samhald. Det gjer ikkje russetida noko betre, seier Jørgensen.

Han får støtte frå kollegaen sin i russestyret, Leon Skeie Holde.

– Det er heilt krise, altfor mange russ bruker narkotika, om det er hasj eller kokain.

Møtet på Kvadraturen var det første av fleire slike møte i Agder.

Nei til narkotika -kvadraturen vgs

Kampanjen frå russen i Kristiansand mot Narkotika vart lansert denne veka. Russepresident Jesper Werner Jørgensen er engasjert i kampanjen.

Foto: Espen Bierud / NRK

Alle russ får

Tredjeklassingane på Kvadraturen vidaregåande skule har også overtalt produsentar av russedressar til å vera med på kampanjen.

På møtet som vart halde denne veka vart det delt ut klistremerke med oppmoding om å seia nei til narkotika.

Nei til Narkotika-klistremerker.

Disse klistremerka vil alle russ få når dei bestiller frå russedressprodusentar.

Foto: Espen Bierud / NRK

Desse klistremerka blir no lagde med alle pakkar som russedressprodusentane sender ut.

– Alle russ i Noreg vil få det, seier russepresident Jørgensen.

Les også Til kamp mot voldstrend – vil dømme unge raskere

rutebilen-171123

Heiar på ungdommen

Politiet er glad for å få draghjelp i kampanjen mot narkotika, og heiar på initiativet til russen.

– Me synest dette initiativet er kjempebra, og me håpar me kan få til eit endå betre samarbeid seier Maida Årvand, politibetjent i førebyggjande eining.

Elever ved kvadraturen videregående skole.

Elevar ved Kvadraturen vidaregåande skule i Kristiansand.

Foto: Espen Bierud / NRK

Kristiansand-ordførar, Mathias Bernander (H), heiar også på kampanjen til ungdommane.

– Dette fortel meg at me har veldig samfunnsmedvitne ungdommar som ikkje ønskjer at narkotika skal vera ein del av ungdomskulturen, seier han.

Han meiner at det er utruleg mange gode grunnar til å seia nei til narkotika.

– Det er usosialt, dårleg for klima og dårleg for helsa. Dette er ein bransje som tiltrekkjer seg mykje av det ungdommen er imot, seier Bernander.

Mathias Bernander

Ordførar i Kristiansand, Mathias Bernander (H), heiar på Neiet ungdommane har til narkotika-kampanje.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Les også Ungdomskriminaliteten aukar – jamaldra meiner foreldre må bli strengare

Ravnedalen live

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %