Hopp til innhold

Ragnhild (23) kan bli den neste stjerna på landslaget

Du kan like godt lære deg namnet med ein gang: Ragnhild Valle Dahl. 23-åringen bankar på døra til Thorir Hergeirsson og det norske landslaget.

Ragnhild Valle Dahl

Ragnhild Valle Dahl (t.v.) dreg seg forbi Sävehof-spelar Mathilda Lundström i meisterligakamp mot svenskane laurdag kveld.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg tenker ikkje så mykje på det. Det er fullt køyr med Vipers. Frå trening til trening og kamp rett rundt hjørnet heile tida. Eg har fokus på klubb og det eg kan gjere noko med, seier Valle Dahl.

– Så du ligg ikkje og drøymer om Thorir Hergeirsson om natta?

– Nei, det gjer eg ikkje, ler ho.

Men landslagsdraumen kan bli verkeleg ganske snart. For igjen dominerte ho, då Vipers Kristiansand slo svenske Sävehof i meisterligaen i handball laurdag kveld.

Ofte med skot frå langt hald, men var også ofte nest sist på ballen før den låg i nettet. Fem mål vart det denne gangen.

Førre helg vart ho toppscorar borte mot giganten Györ i meisterligaen. Då vart det 12 scoringar.

Onsdag vart ho kåra til banas beste spelar då Vipers slo Byåsen i eliteserien.

– Eg vil gjere det så godt som mogleg heile tida. Å vinne er det gøyaste eg veit, seier ho.

Trenaren er imponert

Prestasjonane har vore så gode at ho no bankar på døra til landslaget.

– Eg meiner ho er ein kandidat dei bør ta inn på landslaget. Prestasjonane med Vipers i meisterligaen og serien er gode nok til at dei tek ho inn, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

Han får støtte av Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad, som er imponert over 23-åringen.

– Eg trur ho er ein spelar som kan komme dit no. Eg tykkjer i alle fall ho har hatt utviklinga som tilseier at ho er ein kandidat, seier Gjekstad.

– Ho har hatt ei veldig fin utvikling og etter kvart blitt ein ganske solid målscorar. I tillegg har ho komme bra inn i spelet og lært ein god del om handball og spel dei siste par åra, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Ole Gustav Gjekstad, Vipers

Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad trur at Ragnhild Valle Dahl blir landslagsspelar etter gode prestasjonar den siste tida.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Landslagssjefen har ho på lista

Landslagssjef Thorir Hergeirsson stadfestar at han har Valle Dahl på blokka når neste landslagstropp skal takast ut.

– Ho er så klart i landslagsdiskusjonen, seier landslagssjefen.

– Ragnhild har starta sesongen særs godt og er i rivande utvikling. Særleg skotet har fått eit løft og stabilitet. Forsvarsspelet jobbar ho mykje med for tida og det vil med tida bli bra. Ragnhild er målbevisst og dedikert.

7Dzt1bjec_M

Ragnhild Valle Dahl har vunne både serie, cup og meisterligaen med Vipers. No kan det kanskje også bli medaljar med det norske landslaget. Her feirar ho cupgullet saman med Emilie Hegh Arntzen i vår.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Jim Svenøy? Hæ?

Valle Dahl kjem frå Elnesvågen i Møre og Romsdal. Ei kanskje ukjend bygd for dei fleste.

Der produserer dei dumparar, trevarer og kalksteinsprodukt.

Langdistanseløparen Jim Svenøy er kanskje den mest kjende idrettsutøvaren frå bygda. Han tok sin siste NM-medalje før Valle Dahl vart fødd.

– Hæ?, seier ho då ho blir spurt om kven Svenøy er.

Rett etter intervjuet ropar ho på faren og spør han. Svaret kjem kontant.

– Alle frå Elnesvågen veit kven Jim Svenøy er. Men du er kanskje unnskyldt sidan du er fødd i 1998, ler han.

Snart blir bygda kanskje kjend for å ha fostra ein av landets beste handballspelarar. Og kanskje blir det VM-medalje i premiesamlinga i desember.

– Kanskje, smiler ho lurt.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %