Hopp til innhold

2500 bilar stod i kø

Etter at opp mot 2500 bilar stod fast timevis i kø på E18 ved Tvedestrand er vegen no opna.

Siste er at trafikken rører seg austover igjen. Brøytemannskap har gjort ein bra jobb, fortel operasjonsleiar Kjell Upsahl ved Agder politidistrikt til NRK.

Han legg til at dei er på veg til å trappe det heile ned litt.

Det er framleis utfordrande vêr og køyreforhold, og politiet og frivillige er på staden for å sørga for at trafikken går som normalt igjen.

Politi og Røde Kors vekker no bilistar som søv i bilane. Politiet oppfordra tidlegare folk i kø på E18 til å hjelpe kvarandre.


– Det er viktig at folk held seg varme. Slepp inn i bilen dei som ikkje klarer å halde seg varme i eigen bil, fortel politimeister i Agder, Kjerstin Askholt.

Sivilforsvaret og Norsk Folkehjelp jobbar med å få ut teppe, varm drikke og mat til dei som treng det.

Politiet jobbar med ulike tiltak for å løysa opp køane, og så raskt dei kan.

– Det kan vera så mykje som opptil 2.500 bilar involverte. Dette er veldig mykje og vi må innsjå at arbeidet vil ta tid, seier ho.

Det blir jobba med å opna slusar på E18 i begge retningar for å få løyst køen. Vegen må brøytast slik at køyretøya kan komma seg raskast mogleg vidare.

Røde kors har forberedt varm drikke til de som sitter fast i bilkø

Røde kors har forberedt varm drikke til de som sit fast i bilkø.

Foto: Tore Johan Frigstad / Røde kors

Meir kontroll

Klokka 02.30 fortel politimeisteren at dei føler at dei byrjar å få meir kontroll og letta i køane. Men legg til at dette kan fort snu igjen.

Årsaka til køane er fleire store vogntog som har køyrt seg fast, som har gjort det heile vanskeleg. Det vil bli ein stor jobb onsdag å få desse av vegen, seier Askholt.

No blir personbilar prioritera framfor vogntog.

– Vi ser meir positivt på det heile no, seier ho.

Vegtrafikksentralen anbefaler omkøyring på strekninga Tvedestrand-Arendal i begge retningar. Via Fv. 421 (gamle E18) frå Lundekrysset [Kryss 66]-Harebakkenkrysset [Kryss 71]. Det blir framleis jobba med å frigjere bilistar som står fast i kø på strekninga.

Artisten Jorun Stiansen er ein av dei som sit fast i køen. Ho fortel at bussen ho sit i har byrja å røra seg litt rundt kl. 02:00

– Bussen er varm og eg har alt eg treng. Det nyttar ikkje å bli irritert på vêret så her er det berre å lena seg tilbake og la bussjåføren gjera jobben sin når ho kan. Er veldig glad det ikkje er meg som køyrer bussen for å seia det sånn. Det er utruleg mykje snø i vegen og glatt, seier ho til NRK.

Røde Kors i aksjon snøkaos E18 Tvedestrand

Røde Kors i aksjon på E18 ved Tvedestrand.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Ti timar i kø

Anne Ma Vasstvedt er ein av dei som har stått fast i køen. Ho køyrde frå Vigeland kl. 1230 i dag og var førebudd på at det var snøvêr.

– Eg sat fast i ti timar i kø i Tvedestrand, fortel ho.

Ho trur ho har stått litt framme i køen og er no endeleg komme seg vidare. Ho var førebudd på at ho måtte bli i køen heile natta.

– Eg hadde full tankt og dieselbil og er kjempeglad for det, seier Vasstvedt.

Agder-politiet har sett krisestab

– Vi har kalla inn mykje ressursar for å løyse den utfordrande situasjonen. Situasjonen må løysast saman med Statens vegvesen, seier politimeister i Agder, Kjerstin Askholt.

Ho legg til at dei ikkje har heilt oversyn over kor mange menneske som er rørte.
Det er to køyrefelt så det kan vere betydeleg tal menneske.

I tillegg blir det etablert eit samarbeid med Sivilforsvaret, frivillige organisasjonar, Tvedestrand kommune og Statsforvaltar med fleire.

Sivilforsvaret sender mellom 15 og 20 personar som skal hjelpe til i arbeidet.

Også Røde Kors medverkar i evakuering.

– Vi har sett belte på ATV og kjetting på UTV og informert alle medlemmer som skal vere klare til å reise ut, seier Tore Johan Frigstad, operativ leiar i Arendal Røde Kors Hjelpekorps.

Ifølgje Fædrelandsvennen er det over 2000 bilar i ein kø på kring sju kilometer.

ATV Røde Kors

Røde kors er klare til å rykkje ut med ATV

Foto: Tore Johan Frigstad / Røde Kors

Evakueringssenter

Politiet freistar å stanse tungtrafikken i område.

–Hovudmålet vårt no er å få trafikken i gang igjen. Enten ved at ein kan opne opp for at bilane kan snu. Alternativt jobbar vi med å få evakuert dei som sit fast, seier Askholt.

Det er ein el-biler som har gått tomme for straum og ikkje vil klare å komme seg vidare på eiga hand.

– Vi jobbar med å få evakuert desse, fortel Askholt.

Det vil bli oppretta eit evakueringssenter for dei som ikkje kan komme seg heim, både i Arendal og Tvedestrand.

Så langt er ingen frakta til evakueringssenter.

– Håpet vårt er å få løyst opp køen, og evakuering er plan B, seier Askholt.

Politiet melde klokka 20:50 at eit vogntog som har stått fast no er fjerna frå E18.

20 minutt seinare kom det ny melding om at trafikken står igjen. Det har den gjort sidan.

Kø Songe E18

Kø ved Songe i Tvedestrand.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

I ferd med å gå tomme for straum

Vi får telefonar frå frustrerte bilistar som har sete lenge i kø og er i ferd med å gå tomme for straum, seier politiets operasjonsleiar Knut Odde.

Kraftig snøvær har ført lange køar på vegane aust i Agder i heile ettermiddag og kveld.

Folk NRK har snakka med seier dei har stått nærast heilt stille i fem timar.

Politiet vurderer no fortløpande å setje inn tiltak for å hjelpe bilistar som går tomme for straum. Det kan til dømes vere å setje inn Røde Kors.

Vi er ikkje der heilt enda, men det blir fortløpande vurdert. Sit ein i ein elbil må ein jo forsøke å spare på straumen, seier Odde.

NRK har snakka med ein elbileigar i køen som seier at det aldri meir blir elbil når det snør kraftig.

– Utrykkingsbilar har blitt ståande

Fylkesberedskapsrådet i Agder har hatt to møter med politiet og Statens vegvesen i løpet av ettermiddagen.

Der har vi påpeika at det får samfunnskritiske konsekvensar når trafikken står. Vi har også døme på utrykkingsbilar som har blitt ståande i Risør- og Tvedestrand-området, seier fylkesberedskapssjef Yngve Årøy.

Brøyteressursane kjem ikkje fram for å rydde når det byrjar å snø, seier han.

Alle må tenke seg nøye om før ein legg ut på vegen med elbil i slikt vêr, når ein ser konsekvensane. Folk må tenke litt utover seg sjølv. Det får konsekvensar for andre, seier Årøy.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap seier dei er klare til å bidra viss det vert behov.

Dersom nød- og beredskapsetatane treng bistand frå Sivilforsvaret, er de godt forberedt og kan stille på kort varsel, skriv dei i ein e-post til NRK.

Fylkesberedskapssjefen vurderer også å hente brøytemannskap frå andre delar av Agder, dersom situasjonen varer ved.

Det er ikkje alle stader det er like ille. Det kan vere ei moglegheit å forsterke ressursane, seier han.

– Håper vi kjem fram

Vegselskapet Nye vegar er ansvarleg for deler av strekningen kor det er kø.

Driftsinspektør Dag Ødegård er ein av dei som sit i elbil i den lange køen.

– Vi sit med elbil og har problem med spenninga på bilen. Vi håper vi kjem fram, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %