Hopp til innhold

Polakk (40) smugla 9800 liter alkohol

Ein mann (40) frå Polen er dømd til fengsel i fem månader blant anna for å ha smugla tusenvis av liter med sprit og øl.

Smuglervarer

Mannen hadde 1300 liter utanlandsk brennevin og 8500 utanlandsk øl i lastebilen.

Foto: Politiet

Det var i januar mannen vart stoppa på E39 i Flekkefjord.

Statens vegvesen ville kontrollere lastebilen og vinka mannen til side. Men mannen sprang frå staden og vart kort tid seinare pågripen av politiet.

Køyrde stolen lastebil

Under kontrollen vart det funne kring 1300 liter utanlandsk brennevin og 8500 utanlandsk øl.

Ikkje noko av dette var tollklarert. Ifølgje dommen frå Lister tingrett skulle han ha betalt over ein million kroner i avgifter.

Politiet fann også ut at lastebilen han køyrde var stolen i Danmark i fjor sommar, og at forsikringsutbetalinga etter tjuveriet var på ein halv million kroner.

I retten forklarte mannen at han skulle til Oslo for å hente fisk, men at han ikkje rakk tidsfristen, og dermed gjekk glipp av oppdraget.

Han reiste vidare til Drammen, der han budde med oppdragsgjevaren, og venta på eit nytt oppdrag. Han forklarte at han skulle køyre lastebilen til Kristiansand som ei venneteneste, som han skulle få litt betalt for.

Han vart fortalt at han skulle levere tørrbetong og byggevarer, og at lastebilen skulle parkerast i Kristiansand.

Bar kassar med vodka

Lastebilen vart lossa i Drammen, men 40-åringen hevdar han ikkje kontrollerte lasta fordi han stola på oppdragsgjevaren, og fordi lemmen på lastebilen var vanskeleg å opne.

Polakken fortalde også at han sjølv bar 2–3 kassar ved vodka inn i bilen til oppdragsgjevaren sin, som skulle køyre saman med han til Kristiansand.

I Kristiansand fekk han beskjed om å køyre vidare til Stavanger, hevda han i retten.

Då han vart stoppa i Flekkefjord ringde han til oppdragsgjevaren som fortalde at han transporterte tollpliktige varer. Polakken sprang difor frå staden fordi han ikkje ville bli teken.

Lister tingrett skriv i dommen at 40-åringen opptredde uaktsamt. Dette innrømte 40-åringen i retten.

Retten la vekt på at mannen har jobba som yrkessjåfør i Norge i fem år og kjenner reglane for transport. I tillegg peikar retten på at sjåføren sjølv har ansvar for å sjekke lasta.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %