Hopp til innhold

Over halvparten av restavfallet vart feilsortert

Mykje matavfall blir feilsortert. Det overraskar renovasjonsselskap, som meiner innbyggjarar kan spare pengar om dei blir betre på kjeldesortering.

Rest- og matavfall blandet hos Agder renovasjon

Mykje matavfall hamnar i restavfallet.

Foto: Jon Gelius / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det kjem kanskje av latskap eller uvisse om kvar søpla skal kastast, men eg tenkjer at matavfall er ganske konkret.

Det seier avdelingsleiar Hilde Hvoslef i Agder Renovasjon, som nyleg har gjennomført ein plukkanalyse av søpla dei får frå Arendal, Grimstad og Froland.

Den viser at over halvparten av restavfallet var feilsortert, og at ein firedel skulle vore kasta i matavfallet.

– Vi er overraska over at det er så mykje matavfall, seier Hvoslef.

Renovasjonsselskapet for Drammen gjekk òg nyleg gjennom søpla.

Der hamna òg mykje matavfall i feil dunk.

Tala i år er ikkje klare enno, men for to år sidan vart over 60 prosent av restavfallet der feilsortert.

Les også Kastar rekordlite søppel: - Ein føregangsfestival

Sigrid på Ravnedalen Live

– Betre sortering gir lågare avgift

Hvoslef i Agder Renovasjon seier at dårleg sortering av søppel fører til dyrare renovasjonsgebyr for folk flest, mellom anna fordi det er kostbart å levere avfallet til forbrenning.

– Viss vi får redusert mengda, får vi lågare kostnader, som igjen vil gi lågare renovasjonsavgift. Det går direkte tilbake til kundane, seier ho.

Agder Renovasjon har rekna ut at dersom alle sorterte rett, ville renovasjonsavgifta ha vorte redusert med 114 kroner per husstand.

Hilde Hvoslef i Agder Renovasjon meiner det kanskje er litt latskap eller uvisse som gjer at det handlar mykje matavfall i restavfallet.

Hilde Hvoslef i Agder Renovasjon meiner det kanskje er litt latskap eller uvisse som gjer at det handlar mykje matavfall i restavfallet.

Foto: Jon Gelius / NRK

Matavfall kan seljast som jord

Matavfall som blir sortert rett kan òg bidra til lågare renovasjonsavgift, for det kan seljast.

– I staden for å betale 1200 kroner per tonn for å levere det til forbrenning, kan vi kompostere det og selje det som jord. Vi har kapasitet til å ta imot mykje meir matavfall, seier Hvoslef.

Agder Renovasjon sel over 5000 tonn med jord kvart år.

– Veldig dumt

Innbyggjar Jeanette Velagic synest det er synd at folk ikkje er betre på kjeldesortering.

– Eg tenkjer det er dumt. Det er viktig at vi i alle fall gjer vår del og sorterer heime, seier ho.

Jeanette Velagic

Jeanette Velagic synest det er dumt at vi ikkje er betre på å sortere søppel.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Agder Renovasjon har budsjettert med at prisen på å levere restavfall blir auka til 1250 kr per tonn i 2024.

Hvoslef påpeikar at det er knytt stor uvisse til dette, då den endelege CO2-avgifta ikkje er fastsett.

Kvart år tek renovasjonsselskapet imot 6000 tonn med restavfall.

I fjor kasta kvar nordmann 387 kilo hushaldsavfall.

søppel hos Agder Renovasjon

Kvar nordmann kastar i gjennomsnitt 387 kilo med hushaldsavfall i året. Hos Agder Renovasjon er det mykje feilsortert søppel.

Foto: Jon Gelius / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %