– Ravnedalen Live har gjort ein heilt utruleg jobb, og vorte ein føregangsfestival.
Det seier Siri Haugan Holden som er dagleg leiar i Norske kulturarrangører, ein interesseorganisasjon for over 500 festivalar og arrangørar i landet.
Ravnedalen Live har gjennom mange år jobba hardt for å vere ein miljøvennleg festival.
Reknestykket etter festivalen i sommar ser særs grønt ut miljømessig. I tillegg til å vere heilelektriske har dei som første norske festival målt alt som går inn og ut.
Rapporten, som på fagspråk blir kalla ein materialflytanalyse (MFA), viser at berre 0,6 prosent av det som vart brukt for å byggje festivalen var forbruk - altså bruk og kast. Elles kunne alt brukast igjen.
Resultata av Ravnedalen Live si materialstrømsanaylse vert brukt til å setje inn tiltak for å minske avfallet kvart år.
Grafikk: Ravnedalen LiveDette blir lagt merke til nasjonalt.
– Det er ingen tvil om at Ravnedalen Live er ein av dei som har utmerkt seg aller mest på dette feltet dei siste åra. Dei viser at det går an å gjere store grep for å setje lite preg på områda dei er i, seier Holden.
Siri Haugan Holden er dagleg leiar i Norske kulturarrangører som representerer dei aller største festivalane i Noreg.
Foto: Jane LoolTre seigmenn søppel per hovud
Mira Svartnes Thorsen er dagleg leiar i Ravnedalen Live.
Mange års arbeid ber no litt grønare frukter.
– Kultur og kunst er jo gøy, og det å vere med å løyse nokre verdsproblem medan ein har det gøy er jo aldri feil. Men det kostar å vere berekraftig, så vi håpar det snart kan bli like konkurransevilkår for alle som driv med dette.
Sommar og festival er ikkje berre musikk og god stemning. Det kan også vere eit hav av søppel og plastglas.
Dette var avfallet frå 600 porsjonar festivalmat på Ravnedalen Live i 2022.
Målet er at ingen skal etterlate seg meir enn 20 gram søppel. Det er vekta av kring tre seigmenn.
Festivalen ber for eksempel alle gjestane om å ta med eigen kopp.
Dei serverer økologisk lokalmat. Her levert i ein tøyserviett som ein kan pante etterpå.
Og artistane blir bede om å bruke miljøvennleg transport og nytte seg av grøne «riders».
Les meir om då artisten Sigrid fortalde at ho aldri hadde sett ein festival i verda som har eit så sterkt klimafokus som Ravnedalen Live.
– Bruk og kast lønner seg
No etterlyser fleire kulturarrangørar at styresmaktene må komme med endå hardare krav for at festivalane skal bli grønare.
Ravnedalen Live meiner det er synd at det framleis er billegare å vere ein «bruk og kast-festival».
– Det bør ikkje vere slik at ein på eige initiativ vel å bruke pengar og midlar på å vere ein viktig berekraftsfestival. Det må lønne seg å drive ein berekraftig festival, medan det må koste å forsøple, seier Thorsen.
Mira Svartnes Thorsen seier det framleis lønner seg å vere ein «bruk og kast-festival».
Foto: Anna Rut Tørressen / NRK– Alle har eit ansvar
Kulturdepartementet seier til NRK at det er utruleg fint at vi har ein kultursektor som tek miljømessig initiativ.
Men statssekretær Even Aleksander Hagen meiner det ikkje kan vere slik at alle skal bli økonomisk kompenserte for å nå FN sitt berekraftsmål.
– Alle har eit sjølvstendig ansvar for drive berekraftig. Samtidig får festivalane stor finansiering. Støtteordninga som festivalane kan søkje på var på 180,1 millionar kroner i 2023. Når Kulturrådet skal fordele desse midlane, ser dei på festivalar som leiar an og bidreg til berekraft og redusert klimaavtrykk.
Ravnedalen live fekk eksempelvis 100.000 kroner til årets festival. Dei søkte Kulturrådet om 300.000 kroner.
Kulturrådet har uttalt at dei ønskjer å vektleggje berekraft endå sterkare i åra som kjem, seier statssekretær i Kulturdepartementet Even Aleksander Hagen.
Foto: Malin Heggebø Rolfsen / NRKKan vere til inspirasjon
Norske kulturarrangører seier at mange festivalar bryr seg om det grøne aspektet ved festivaldrift, men håpar Ravnedalen sitt miljøarbeid kan verke inspirerande for andre.
– Mange kulturaktørar ligg lenger framme i skoen enn politikarane sjølv når det gjeld klima og miljøspørsmål. Men å vise til arrangørar som tek ansvar fører forhåpentleg til at andre vil følgje etter, seier Holden.
Øyafestivalen har som mål å vere blant dei mest miljøvennlege festivalane i verda, og vart av A Greener Festival (AGF) kåra til den grønaste festivalen i verda i 2019. Her frå Aurorakonsert i 2022.
Rockefestivalen Tons of Rock seier at miljøfokus er ein viktig del av festivalen. Dei er miljøsertifisert som Miljørfyrtårn og har som mål å bli ein av landets mest miljøvennlege festivalar.
Bergenfest skriv at dei jobbar for å bli ein av Europas grønaste festivalar. Dei har tiltak som eit helelektrisk festivalområde, lokalprodusert og grøn mat, og ønskjer å produsere gjenbruksmerch.
Vinjerock held til i Jotunheimen, omringa av Noregs høgste fjell. På nettsida deira står det at målet er å arrangere festivalopplevingar i pakt med naturen. Dei er mellom anna ein papirlaus festival, og har forbod mot glasflasker.