Hopp til innhold

Ordførar­par usamde om pride-flagging

I Lyngdal seier ordførar Unni Nilsen Husøy (Frp) nei til å heise regnbogeflagget. No vil varaordførar og ektemann Eivind Arnt Husøy (Ap) gjere om på avslaget.

Ekteparet Unni Nilsen Husøy (FrP) og Eivind Arnt Husøy (Ap). Begge er ordførerkandidater i Lyngdal.

POLITISK PAR: Ekteparet står side om side heime på kjøkkenbenken, men på kvar si side i debatten om å heise regnbogeflagget på kommunen sine flaggstenger. Dette biletet er tatt i samband med førre kommuneval.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

– Eg synest berre det skulle mangle at ein sa ja til dette, difor blei eg litt overraska over at ein plutseleg sa nei.

Det seier varaordførar Eivind Arnt Husøy (Ap). Han er skuffa over at ordføraren, som han også er gift med, sette foten ned for å få regnbogeflagget opp.

Bakgrunnen er at Lyngdal pride har søkt om å få heise flagget på kommunen si flaggstong i samband med eit Pride-arrangement laurdag 15. juni, slik dei har gjort før.

Men det seier nåverande ordførar nei til, kunne Lister 24 først melde.

Unni Nilsen Husøy, ordfører Lyngdal

Ordføraren i Lyngdal vil at kommunen sine flaggstenger primært nyttast til det norske og det samiske flagget eller andre offisielle flagg.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Ordførar Unni Nilsen Husøy (Frp) utdjupar i ein e-post til NRK.

– Eg har som ordførar berre sagt nei til å heise pride-flagget i offentleg flaggstong, ikkje til markeringa eller flagging andre stader. Debattar som dette er ofte vanskelege da ein blir pålagt meiningar ein ikkje har, noko ein ser i kommentarfelt og i diskusjonar.

 Unni Nilsen Husøy (

Ordførar Unni Nilsen Husøy (Frp) vil ikkje delta i pride: – Men eg håper absolutt at dei får eit flott arrangement og ønskjer dei lukke til med markeringa.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Les også Lyngdals-ektepar blir ordfører og varaordfører

Ekteparet Unni Nilsen Husøy (FrP) og Eivind Arnt Husøy (Ap). Begge er ordførerkandidater i Lyngdal.

Meiner flagget splitter

Ordføraren skriv vidare at ho alltid har hatt stor sympati med alle menneske som kjenner på utanforskap og diskriminering. Ho synest derimot at utviklinga går feil veg.

– Utviklinga som har vore dei siste åra har gjort at regnbogeflagget, som no blir omtalt som pride-flagg, har blitt meir splittande enn samlande. Ei offentleg flaggstong skal ikkje skape splitting, den skal gi oss samhald.

Flagg

Heise eller ikkje heise? Det er spørsmålet i fleire kommunar i landet no.

Foto: Petter Larsson

Skuffa

Lyngdal pride legg ikkje skjul på at dei er skuffa over avslaget frå ordføraren.

– Sjølvsagt er vi skuffa over avslaget. Det er mykje vanskelegare å vere skeiv på bygda enn i storbyar, seier Kristi Foss i pride Lyngdal.

Ifølgje komiteen er markeringa ikkje meint for å provosere, men for å inkludere.

– Vi håper flest mogleg møter opp, feirar mangfaldet og markerer dagen, seier Foss.

Regnbueflagg

Regnbogeflagget har ikkje noko å gjere på kommunen sine flaggstenger, meiner ordføraren i Lyngdal.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Samlar inn underskrifter

– Eg oppfattar at dei fleste har blitt gradvis meir positiv til pride og kva det står for både i verda, Noreg og til og med på Sørlandet, seier varaordførar Eivind Arnt Husøy (Ap)

Difor vil han no samle inn underskrifter for at spørsmålet kan komme opp som eiga sak på neste møte med politikarane den 13. juni.

– Ifølgje kommunelova treng ein minst 10 underskrifter for at ei sak skal takast opp som eige punkt. Det har eg fått lovnad om at eg får.

Eivind Arnt Husøy (Ap). Ordførerkandidater i Lyngdal.

Eivind Arnt Husøy (Ap) trur at saka får nok underskrifter til å bli behandla som ei ordinær sak som må røystast over i kommunestyret.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Og for at flagget kan gå til topps under pride-markeringa laurdag 15. juni må minst halvparten av kommunestyret stemme for flaggheising.

Det vil i praksis seie 15 av dei 29 representantane.

Kva meiner du som ordførar om underskriftskampanjen som varaordføraren har dratt i gang?

– Dette er ei hjartesak for varaordførar og Arbeidarpartiet der dei er usammde i ordførar si avgjerd, så er dette det verktøyet dei har for å omgjere vedtaket mitt. Eg har ingen problem med at dei løfter saka opp politisk, og så vil det bli opp til kommunestyret å avgjere.

Unni Nilsen Husøy (FrP) og Eivind Arnt Husøy (Ap)

Dei er usamde i saka om regnbogeflagget skal heisast, og tar difor den diskusjonen i kommunestyret og ikkje på heimebane. Biletet er tatt i samband med førre kommuneval.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Snakkar ikkje politikk heime

Ordførarparet prøver derimot og la dei politiske diskusjonane bli igjen i kommunestyret.

Les også Ekteparet Unni (Frp) og Eivind (Ap) vil begge bli ordfører: – Kan gå en kule varmt

Ekteparet Unni Nilsen Husøy (FrP) og Eivind Arnt Husøy (Ap). 
Begge er ordførerkandidater i Lyngdal

– Vi er begge klare på at vi har kvart vår ståstad, så vi prøver å overlate politikken til det offentlege rommet og heller prate meir om trening og barn heime, seier varaordføraren.

Og det er dei i det minste samde om.

– Her var vi jo veldig klare over at vi hadde forskjellige synspunkt. Vi har lært oss at det ikkje er spesielt heldig å diskutere politikk på heimebane, så den diskusjonen tar vi i kommunestyret, seier ordføraren.

Ekteparet Unni Nilsen Husøy (FrP) og Eivind Arnt Husøy (Ap). Begge er ordførerkandidater i Lyngdal.

Dei to politikarane prøver og ikkje diskutere politikk på privaten. Biletet er tatt frå ein tidlegare reportasje.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %