Hopp til innhold

ØIF vil vinne alt: – Tøft, men realistisk

ØIF Arendal tøyer strikken endå lengre denne sesongen. Klubben har som mål vinne både serie, cup og sluttspel.

ØIF før sesongstart

– Vi som trenar og legg ned mykje tid på dette må vere offensive i haldningar og tankar. Det blir tøft, men realistisk, seier ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic til NRK.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Har vi litt stong inn og held troppen skadefri er det ikkje utopi. Det er faktisk noko som kan skje, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Hovudmålet førre sesong var å vinne sluttspelet for å komme til Meisterligaen. Men laget rauk ut allereie i kvartfinalen.

Skal trene hardare

Eliteserieklubben gjekk likevel ikkje tomhendte ut av fjorårssesongen. Dei tok sitt andre strake seriemeisterskap og vann serien to poeng føre Haslum.

Klubben har gjort endringar i treningsopplegget for å vere sikre på at spelarane held på forma gjennom heile sesongen. I tillegg varslar trenaren meir rotering på laget.

– Vi håpar å matche alle heile sesongen gjennom å rokere på laget. Så skal vi trene hardare fysisk gjennom heile året fram til sluttspelet, slik at alle skal vere i same form, seier Kurtovic.

– Slik at de ikkje får ein dropp i forma?

– Ja, det var det vi fekk i fjor. Vi ynskjer å gjere noko med det denne sesongen, seier han.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen viser fram nokre av pokalane laget har sikra seg dei to siste sesongane.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Lever godt med press

Kaptein Eirik Heia Pedersen har løfta to eliteserietrofé og eit cuptrofé så langt. No drøymer han om nye jubelscener, men han vedgår at det blir tøft.

Eirik Heia Pedersen, ØIF Arendal

Eirik Heia Pedersen er kaptein i ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er fint å legge press på seg sjølv. Det har vi jo klart når vi seier vi går for trippel, seier Pedersen.

– Legg de unødvendig mykje press på dykk sjølv?

– Det kan vere, men det skadar ikkje. Det er sunt å ha litt press på seg, seier kapteinen.

Keeper Svenn Erik Medhus gav seg etter fjorårssesongen. Klubben fekk dermed ei stor utfordring då dei skulle erstatte ein av eliteseriens beste målvakter.

– Vi hadde flaks

Løysinga fann dei i Brasil. Cèsar Almeida, som deltok i OL i Rio, er lagets nye keeper. Det er trenaren godt nøgd med.

– Vi hadde flaks at han har ein norsk kjæraste. Som keeper er han heilt annleis enn Svenn. Han er litt rolegare i mål, men samstundes eksplosiv på sin måte. Han er veldig klok, seier Kurtovic.

– Eg vil hjelpe laget til å utvikle seg vidare. Det er ein stor klubb, og dei satsar hardt. Eg ser fram til å kunne bidra og bli betre kjend med både spelarar og trenarar, har brasilianaren tidlegare sagt til NRK.

Cèsar Almeida, ØIF Arendal

Cèsar Almeida erstattar Svenn Erik Medhus i ØIF-målet denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %