NRK Meny
Normal

ØIF-gull trass tap: – Sinnsjukt deilig

ØIF Arendal er seriemeister i eliteserien i handball trass i eitmålstap for Fyllingen.

ØIF Arendal er seriemeister for andre år på rad.

Sjå spelarane feire gullet i Framohallen.

– Dette er det deiligaste tapet eg har vore med på nokon gong, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

ØIF tapte nemleg 24-25 borte mot Fyllingen i Bergen. Dermed var dei avhengig av hjelp frå Halden for å kunne feire gullet i dag.

Og det fekk dei, men det vart nokre spennande minutt rundt eit nettbrett i Framohallen.

Då sluttsignalet gjekk i Halden kunne ØIF-spelarane feire eit velfortjent gull.

Sjå intervju med Sondre Paulsen etter at gullet var sikra.

Sjå intervju med Sondre Paulsen.

Fekk hjelp frå Halden

Halden heldt nemleg gullrival Haslum til uavgjort 28-28.

– Dette var spennande og ei ny oppleving. Det er vel første gong vi har fått hjelp av nokon andre før. Sinnsjukt deilig, seier Sondre Paulsen.

Det var ein deppa ØIF-gjeng som gjekk av bana etter tapet for Fyllingen, eit lag dei kun har slått ein gong på bortebane tidlegare.

Men då dei fekk høyre at Halden hadde Haslum i kne steig stemninga brått.

Gå til forsiden

Fyllingen - ØIF Arendal

ØIF Arendal

Fyllingen - ØIF Arendal

12 bilder

    Medaljeutdeling på heimebane

    Det stod uavgjort 14-14 til pause i Framohallen i Bergen. Tidleg i andre omgang gjekk ØIF opp i ei tremålsleiing, men bergensarane kjempa seg tilbake og vann altså til slutt.

    No kan ØIF sjå fram til gullefeiring i siste serierunde når dei får besøk av Bodø i Sør Amfi onsdag.

    – Der skal vi ferie på skikkeleg sørlandsvis, seier Paulsen.

    Supportarklubben Svermen var sjølvsagt representert på tribunane under oppgjeret i Bergen.

    50 mil med gullfeiring

    Leiar Jørn Holmestrand og nestleiar Kari Sunde var høgt oppe etter klubbens andre gull på to år.

    – Det var nokre forferdelege minutt, men desto betre når det gjekk vegen, seier Sunde.

    – Korleis blir køyreturen heim no?

    – Den blir fantastisk bra.

    – Vi skal berre kose oss heile vegen til Arendal. 50 mil er ingenting. Det er vel verd turen, seier Holmestrand.

    Sjå supportarane feire ØIF sitt seriegull.

    Sjå supportarleiarane juble for gullet.