Hopp til innhold

– Han blir ein publikumsfavoritt

ØIF Arendal han ha gjort eit kupp når dei fekk tak i den brasilianske landslagskeeperen. Det trur både handballekspert Bent Svele og klubben sjølv.

Cesar Almeida, ØIF Arendal

Cesar Almeida har skrive under for ØIF Arendal.

Foto: ØIF Arendal

– Kanonsignering. Vi kan takke hans norske kjæreste for at han vel Norge, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

– Dei får ei målvakt som har internasjonal erfaring og som har spelt på eit høgt nivå i Spania og i europacupen, seier TV2s handballekspert Bent Svele til NRK.

Bent Svele

Bent Svele er handballekspert i TV2.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix
Per Carsten Michelsen

Per Carsten Michelsen er sportsleg leiar i ØIF Arendal.

Foto: Anne Wirsching / NRK

Cesar Almeida kjem frå den spanske klubben Fraikin BM. Grannolers, som vart nummer tre i EHF-cupen. I bronsefinalen vart han kåra til kampens beste spelar.

– Dersom han held fram på nivået han har halde til no trur eg han vert ein publikumsfavoritt i Arendal, seier Svele.

Medhus-erstattar

Almeida har skrive ei eittårskontrakt med den regjerande seriemeisteren. Han erstattar dermed Svenn Erik Medhus som har vore ein sentral spelar på ØIF, som har vunne to seriegull og eit cupgull dei siste to åra. Medhus ga seg etter denne sesongen.

– Å erstatte Medhus var ingen enkel jobb. Eg trur vi har fått ein keeper med eit enormt potensial, seier sportsleg leiar i ØIF, Per Carsten Michelsen.

Klubben har hatt ei rekkje målvakter på blokka. Då Almeida dukka opp vedgår Michelsen at han hadde lita tru på at dei ville klare å sikre seg signaturen hans.

Brasilianaren skal ha hatt tilbod frå toppklubbar i både Spania og Tyskland. Men landslagskeeperen har norsk kjærast. Michelsen tok kontakt med ho. Deretter byrja ballen å rulle.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus har vore ein av ØIFs viktigaste spelarar. No vert kristiansandaren bytt ut med brasiliansk landslagsspelar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Hemmeleg møte etter flytur

Det heile enda med at Michelsen fekk ein kamerat med fly til å fly han til Danmark i vår, der Almeida skulle spele ein kamp i europacupen med den spanske klubben.

Michelsen gjekk eit hemmeleg møte med keeperen. I kofferten heim til Norge hadde han signaturen til målvakta.

– Trenar Marinko Kurtovic trudde nok dette var science fiction. Han visste vi jobba med det, men hadde nok ikkje tru på at det gjekk i orden, seier Michelsen.

– Eg måtte faktisk sende han ein kopi av underskrifta før han godtok det. Han vart positivt overraska over at vi klarte å lande ein så god spelar, seier Michelsen.

Almeida spelte mot ØIF Arendal då arendalittane møtte Grannolers i europacupen i fjor haust.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %