Ny smell for Amazon

Amazon Grimstad var sjanselause mot Stabæk i Toppserien søndag. Gjestene gav seg ikkje før det stod 0-5 i målprotokollen.

Amazon Grimstad - Klepp

Arkivfoto

Foto: Odd Rømteland / NRK

Amazon ligg framleis på kvalifiseringsplass i Toppserien då Sandviken, som ligg sist, tapte 0-3 heime mot Medkila.

Melissa Wiig og Elise Thorsnes scora to mål kvar i oppgjeret på Levermyr stadion. Ida Elise Enget scora det siste.

Amazon Grimstad står no med 13 strake kampar utan siger.