Hopp til innhold

Ny skule har ikkje råd til bøker

For eit halvt år sidan opna Kronprins Håkon Abel ungdomsskole i Gjerstad. No har ikkje skulen råd til skulebøker, og i fleire fag må elevane nøye seg med kopiar og lause ark.

Video Splitter ny skole uten skolebøler

– Vi ser ikkje kva som står der, så når vi skal lese lekser er det mange gonger vi ikkje klarar å sjå kva det står, seier Annabelle Aasbø til NRK.no.

Kopiar og lause ark er kvardagen for mange av elevane ved den splitter nye ungdomsskulen i Gjerstad.

– Det er ganske dumt. Det er tungvint å dra rundt på alle arka heile tida. Så vert dei fort øydelagde, seier Aasbø.

Rot og surr

Også foreldrene har sett seg mektig lei på at skulen delar ut kopiar i staden for skikkelege bøker til elevane.

– Det er ikkje noko greit å sitje å lese lekser ut ifrå ei lefse av ein perm. Det er for dårleg, seier FAU-leiar ved skulen, Tore Kvernvik.

– Det er rett og slett for dårleg når er på ein heilt ny skule. Då burde det vere mogleg å finne pengar til bøker. Det er tross alt ungane og framtida for ungane det er snakk om, seier han.

– Då bør dei iallefall ha moglegheit til å få skikkelege læremiddel. Det vert mykje flyt av ark, og når dei skal lese til prøver finn dei ikkje arka og det vert rot og surr, legg han til.

Manglar fem sett

Skulen manglar tilsaman fem fulle klassesett med lærebøker. Men pengemangel gjer at rektor førebels ikkje ser noko anna løysing enn å halde fram kopieringa.

– Det er lite hensiktsmessig og det kostar pengar, men det er ei naudløysing som vi har måtte gripe til i eit par fag. Vi ynskjer ikkje at det skal vere slik, men for oss har det vore veldig viktig å disponere dei pengane vi har og ikkje noko utover det. Det har vore knapt når det gjeld løyver til skulen totalt sett, seier han.

Uten skolebøker i Gjerstad

UTAN BØKER: Elevar i fleire klassar ved splitter nye Abel ungdomsskole i Gjerstad må klare seg utan skulebøker på grunn av pengemangel. Bøkene vert erstatta av kopiar og lause ark.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Håpar på løsying

Medan rektoren skuldar på kommunepolitikarane, skuldar ordføraren på staten.

– Det er ei totalramme som er fordelt på dei ulike einingane. Der vert dei brukt så godt det let seg gjere. Vi blir framleis sultefora frå statleg hald. Det er eit døme på at det kan vere ei utfordring å drive skule lokalt, seier ordførar Rune Hagestrand (H).

No håpar foreldreutvalet på ei snarleg løysing på problemet.

– Vi ynskjer å få eit fullstendig sett av lærebøker. Eg håpar vi kan få dette på plass før skuleåret startar til hausten, seier Tore Kvernvik.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %