Hopp til innhold

Kristiane (16) om yrkesvalet sitt: – Kan ikkje feige ut fordi det er få jenter

16-åringen har råd til dei som slit med å finne ut av kva dei vil studere. Men det krev mot.

Kristiane Blesvik (16) fra Gjerstad

Kristiane Blesvik (16) utdannar seg til å bli anleggsgartnar. Denne sommaren jobbar ho i Kragerø Naturstein AS. Der har ho også sikra seg lærlingplass.

Foto: Privat

– Eg stolte på meg sjølv og gjekk etter magekjensla, og så har eg hamna der eg er i dag, seier Kristiane Svendsen Blesvik (16) frå Gjerstad.

Denne sommaren jobbar ho som «altmuligperson» i Kragerø Naturstein AS.

Har du råd til unge som slit med å finne ut av kva dei vil bli?

– Stol på deg sjølv og vêr modig nok til å følgje interessene dine. Ikkje feig ut viss det til dømes ikkje er så mange andre jenter som gjer det same som deg. Stå i det, seier 16-åringen.

Ho har alltid vore interessert i maskiner, og drøymt om ein jobb i anleggsbransjen sidan ho var liten.

– Eg går i pappas fotspor, fortel 16-åringen.

Kristiane Blesvik som liten

Kristiane Blesvik har lenge visst kva slags yrke ho har lyst til å jobbe med.

Foto: Privat

– Draumejobben

Både faren og onkelen jobbar i selskapet.

– Dei har motivert meg til å jobbe der. Dei synest det er viktig å få jenter inn i anleggsbransjen.

Det var Aust-Agder Blad som først skreiv om sommarjobben til 16-åringen.

– Det er draumejobben min. Eg trivst veldig godt.

Blesvik veit om fleire på hennar eigen alder som slit med å finne ut av kva dei vil, og forstår godt at det kan vere vanskeleg.

– Eg kjenner meg veldig heldig som har funne ut av det såg tidleg. Det er nok veldig tungt når ein ikkje veit kva ein vil bli.

Synes du det er vanskelig å bestemme deg for hva du skal studere?

– Stol på deg sjølv

Då 16-åringen skulle velje kva ho skulle gjere vidare i livet etter ungdomsskulen, valde ho å følgje interessene sine.

I tillegg til å utdanne seg til å bli anleggsgartnar, er ho på fritida avløyser i eit fjøs. Ho har nemleg også drøymt om å bli bonde.

– På den måten har eg fått blanda inn begge ønska mine.

Kvifor trur du det er så vanskeleg å velje?

– Mange synest det er vanskeleg å velje kva ein skal vidare i livet, når ein er så ung. Dei vippar mellom fleire moglegheiter, og då låser det seg litt. Mange er redde for å angre.

Mange synest det er vanskeleg å velje

Dei siste åra har rapportar vist at meir enn halvparten av dei unge synest det er vanskeleg å ta eit yrkesval.

Ein del har nok inntrykk av at «alle andre» veit kva dei vil, men sånn er det slett ikkje, seier karriererettleiar Marit Overrein i karriereveiledning.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %