Hopp til innhold

Ny fugleradar skal redde trekkfuglar frå vindturbinar

Denne kvite boksen skal gjere det enklare for trekkfuglar å sameksistere med vindturbinar til havs.

– Den sporar alle fuglar som bevegar seg i området i opptil ei mil unna, seier forskar Anna Nilsson ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Ho står ved sida av ein splitter ny fugleradar som instituttet har sett opp på Lista Fuglestasjon i Agder.

Radaren, den andre i sitt slag i Noreg, skal kartleggje trekkfuglar både om våren og hausten.

Målet er å finne ut korleis fuglane trekkjer langs kysten for å redusere konflikt med vindturbinar.

Forskarane skal også sjå på viktige rasteplassar for fuglane langs trekkvegane.

Det er også ein stad der ein helst bør unngå utbygging av vindkraft, seier Nilsson.

Radaren går rundt ein gong i sekundet for å skanne luftrommet.

Forsker Anna Nilsson ved Norsk institutt for naturforskning.

Forskar Anna Nilsson ved Norsk institutt for naturforsking fortel at prosjektet har to års varigheit.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Kolliderer med vindturbinar

Prosjektet skal munne ut i eit verktøy som skal lette arbeidet med å plassere vindkraft der det gjer minst mogleg skade.

Seniorforskar Roel May ved NINA er leiar for prosjektet som heiter VisAviS.

Han meiner det er på høg tid å få desse dataene på plass.

– Vi veit at millionar av fuglar trekk langs kysten, men ikkje nøyaktig kvar og når. Den kunnskapen er vag og utydeleg, seier May.

Han fortel at vindturbinar er farlege for trekkfuglar på to måtar:

  • Fuglane kan kollidere med dei.
  • Dei utgjer ei barriere som gjer at fuglane må fly rundt og dermed brukar ekstra energi.

Målet er at både styresmakter og vindkraftindustrien skal nyte godt av kunnskapen.

Myrsnipe Lista fyr.

Myrsnipe på Lista fyr. – Vadefuglane er talrike og det er mange ulike artar, seier Jan Erik Røer i Birdlife Noreg.

Foto: Jan Erik Røer

Eit eldorado for fuglesjåarar

Rådgjevar Jan Erik Røer i Birdlife Noreg har jobba som prosjektkoordinator ved Lista Fuglestasjon i over 30 år.

Han fortel at Lista er eit eldorado for fuglesjåarar. Staden er den største landingsplassen i landet for trekkfuglar på veg over Nordsjøen.

Dei første fuglane kjem inn der og dei siste fuglane reiser derfrå.

– Lista har ein heilt unik posisjon i Noreg på grunn av kystlinja. Det er det staden i landet der det er sett flest fugleartar, rundt 340, seier Røer som sjølv er ein ivrig fotograf.

Den andre fugleradaren i Noreg er plassert på Utsira i Nordsjøen.

Prosjektet får også data frå ein fugleradar som Equinor har plassert på den flytande havvindparken Hyvind Tampen i Nordsjøen.

Jan Erik Røer, rådgiver i Birdlife Norge.

Jan Erik Røer er rådgivar i Birdlife Noreg. Her er han på sporet av ein vandrefalk.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Flyr mest på natta

– Sjå, der flyr det ein vandrefalk!

Røer har fått «fangst» i kikkerten.

Han forklarer at fugleraderen ikkje kan kjenne att fugleartar, men at vandrefalken ville ha sett «spor» i radaren.

Fugleradaren på Lista.

Den splitter nye fugleradaren ved Lista Fuglestasjon skal kartleggje alle trekkfuglar som bevegar seg i området vårt og haust.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Då kan personen som står her og kikkar trykkje på «radarsporet», tasta inn vandrefalk og så går det inn i basen, seier Røer.

Resultata i basen blir deretter omarbeidde av Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet og havvindnæringa sjølv. Radaren skal kartleggje og registrere fugletrekka i to år, vår og haust.

Prosjektet har en kostnadsramme på 20 millionar kroner.

Ringås på Lista fyr.

Ringgås på Lista fyr. – Dei hekkar på Svalbard og trekkjer forbi kysten om våren. Vindturbinar vil vere ein trussel for denne bestanden, seier Jan Erik Røer i Birdlife Noreg.

Foto: Jan Erik Røer

Har observert i 33 år

Lista Fuglestasjon har observert fuglar i 33 år og har fått i oppgåve å gjere ei bakkeverifisering av fuglane.

Alt materialet deira kan også koplast med det radaren finn ut av.

Å finne ut kva artar som passerer er viktig fordi nokon av dei kan vere raudlista.

Røer viser til ringgås der heile bestanden trekkjer i løpet av eit par dagar. Dei føl også alltid ei fast rute.

Eit stort havvindanlegg midt i deira trekkrute, som kunne «kverna opp» heile bestanden, er jo eit typisk skrekkscenario, seier Røer.

Han forklarar at prosjektet uansett berre er ei lita brikke i eit stort puslespel.

For 90 prosent av fuglane er aktive om natta. Då er det ingen som følgjer med på dei.

– Hovuddelen av fuglane har vi derfor ikkje kontroll på, men ved å få eit bilete av hovudtrekkvegane kartlegg vi korleis fuglane trekkjer langs kysten, seier Røer.

Les også Vil ikkje stanse eksklusiv ferieordning for statstilsette: – Trist

Jon Holt

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %