Hopp til innhold

No er svineinfluensa blitt vanleg

For seks år sidan var det svineinfluensa-hysteri i landet. No seier kommuneoverlege i Kristiansand Dagfinn Haarr at svineinfluensaen ikkje er noko å frykte.

Svineinfluensa-vaksine

Det vart sett i gang massiv vaksinering mot svineinfluensa i 2009. No er svineinfluensa blitt blant dei vanlegaste influensatypane i landet.

Foto: JEAN-PAUL PELISSIER / REUTERS

Svineinfluensa er rett og slett blir ein av dei vanlegaste influensatypane i landet.

– Den er ein av kring tre virus som kjempar om «marknadsdelar» denne vinteren, og den har ikkje vunne. Det er relativt færre som har fått svineinfluensa enn andre influensatypar, seier Haarr til NRK.

Kommuneoverlege Dagfinn Haar

Dagfinn Haarr meiner at svineinfluensaen vart hausa opp meir enn naudsynt.

Foto: Thomas Sommerset/NRK

Han var smittevernoverlege i kommunen i 2009.

Ei av årsakene til hysteriet var at fleire unge menneske enn vanleg vart alvorleg sjuke av influensa.

Vart hausa opp

Det er mellom anna påvist svineinfluensa fleire gonger i Kristiansand i vinter. Men det uroar ikkje Haarr.

– Den er blitt ein del av influensavirusa som sirkulerer kvart år og utmerker seg ikkje på nokon måte, seier han.

I ettertid meiner Haarr at svineinfluensaen vart hausa opp meir enn naudsynt. Samstundes meiner han at stor uvisse kring svineinfluensaen gjorde at det vart eit hysteri.

– Det var veldig usikkert korleis den ville utarte seg. Det var mykje vi ikkje visste og det var veldig få i befolkninga som var immune. Det var utgangspunktet for at staten gjekk rimeleg av hengslene, seier han.

Dagfinn Haarr

Dagfinn Haarr er kommuneoverlege i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Massevaksinasjon

Det vart mellom anna sett i verk massevaksinasjon over heile landet. Staten bestilte mellom anna 9,4 millionar dosar av Pandemrix-vaksinen mot svineinfluensa.

– I ettertid ser vi vel at det nesten aldri før har døydd så få av influensa som den vinteren, seier han.

– Vi fekk vaksinert veldig mange i løpet av kort tid og beredskapen var kjempegod. Men vi kan kanskje ha litt meir is i magen seinare. Vi var nøydde til å vaksinere mange fordi vi ikkje heilt visste korleis det utvikla seg. Men etterpåklokskap gjer klok, seier han.

Igjen dreg Haarr fram god hygiene som den beste medisinen mot alle typar influensa.

– Effektiviteten av hygienetiltak er heilt uslåeleg. Det er nesten som fysisk aktivitet mot livsstilssjukdommar. Ein som mosjonerer 30 minutt dagleg og vaskar hendene ofte vil kunne leve veldig lenge, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %