Hopp til innhold

Slo «popcorn-alarm» - no har Mattilsynet fått vilja si

Mattilsynet meinte at popcornlukta var så sterk på kinoen i Kvinesdal, at dei ba kommunen gjere noko med det. No har kommunen gjort grep.

Popcornmaskin i Kvinesdal

Det er denne popcornmaskina Mattilsynet meiner gjer ifrå seg for mykje popcornlukt.

Foto: Jan Schou

Jan Schou

Kultursjef i Kvinesdal kommune, Jan Schou.

Foto: Privat

– Når vi startar opp det nye ventilasjonsanlegget om eit par veker vil alt vere på stell, seier kino- og kultursjef i Kvinesdal Jal Schou til Lister24.

NRK omtala saka i juli i fjor. Ein representant frå Mattilsynet var innom kiosken på kinoen for å sjekke eit forbrukartelefonnummer på baksida av ein sjokolade.

Slo «popcorn-alarm»

Det var då det vart slått «alarm». Kontrolløren meinte at popcornlukta var for sterk.

– Dei er kun pålagde å gjere noko med popcornlukta. Det var for dårleg ventilasjon i rommet, og lukta vart ubehageleg sterk. Dessutan er det også andre aktivitetar enn berre kino i lokalet, sa Marit Støle Hansen i Mattilsynet til NRK i fjor.

Ho understreka at det ikkje var aktuelt å gi bøter til kinoen for den sterke popcornlukta.

I mai var Mattilsynet på tilsyn ved kinoen. Nok ein gang påpeika dei at noko måtte gjerast med popcornlukta. Då fekk kinoen pålegg om å installere skikkelege vifter i lokala.

Amerikansk smak

I samband med ombygging av Kulturhuset i Kvinesdal blir det no orden på luktproblemet.

Årsaka til den sterke lukta forklarte kinosjefen med følgjande:

– Her i Kvinesdal har vi amerikansk smak på popcornet, så dei må ha kjent ei veldig deilig popcornlukt. Men dei reagerte på at det var for mykje lukt og os i lokalet, sa Schou.

Han understreka at dei aldri hadde fått klager på lukta frå gjester.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %