Hopp til innhold

No blir bussane kontantfrie

Etter ei rekkje bussran det siste året, har ei tverrfagleg gruppe konkludert med at norske bussar skal bli fri for kontantar.

Bussran Lørenskog

RAN: I løpet av få år skal pengane bort frå bussane. I framtida skal billetten kjøpast via mobiltelefonen. (Arkivfoto)

Foto: Norgesbuss

Ransvideo bussran Kristiansand

RAN: Det vart gjort åtte bussran berre i Kristiansand i fjor. (Arkivfoto)

Foto: Overvåkingskamera

Bussran i Kristiansand

UNGE RANARAR: Ungdommar mellom 14 og 16 år stod bak fleire av rana på Sørlandet. (Arkivfoto)

Foto: Overvakingskamera
– Her er styresmakter og begge sider i arbeidslivet representert. Gruppa er einstemmig, seier statssekretær Jan-Erik Støstad i Arbeidsdepartementet til Fædrelandsvennen.

– Det betyr at alt ligg til rette for god oppfølgjing og at vi når målet så snart det er mogleg, seier han.

Betal med mobilen

Det er Arbeidsdepartementet som har leia arbeidet. Planen er at kontantane skal erstattast med førehandskjøpte og elektroniske billettar. Det betyr at bussbilletten skal kunne kjøpast ved hjelp av mobiltelefon.

Neste år vert det innført eit to-prissystem på landsbasis, der prisen på kontantbillettane vert auka, medan dei elektroniske billettane vert billegare.

Planen er at dei første forsøksprosjekta med mobilbillettar skal setjast i gang i 2013. To år seinare er målet at dei fleste skal kunne betale bussbilletten med mobilen.

– Ei av hovudårsakene for arbeidsgruppa sitt arbeid, var ein del stygge ran på bussen i Kristiansand. No kan vi iallefall seie at det har komme noko godt ut av det til slutt, seier Støstad.

Åtte ran i fjor

Berre i løpet av 2010 vart heile åtte bussar rana i Kristiansand. Siste bussran var natt til nyttårsafta i fjor.

I eitt av rana truga ein 15 år gammal gut sjåføren med kniv. Guten pressa kniven mot halsen på buss-sjåføren, før han stakk av med sjåføren si pengeveske.

Alle rana gjorde tvinga busselskapa til å sjå på dagens ordning med vekslepengar i bussane.

– Skal rana ta slutt må pengane vekk, sa Nettbuss-sjef Anders Roger Øynes til NRK.no.

Video 05102010013-UP-143859-SI_SL.mp4

RAN: Sjå video frå ranet av ein buss i Kristiansand. Venninna til 15-åringen filma ranet i oktober i fjor.

– Alle må bidra

For å få pengelause bussar skal det setjast i verk fleire tiltak:

  • Fleire kommisjonærar skal selje billettar
  • Fornying og sal av periodekort skal bli tilgjengeleg for fleire på internett
  • Fleire bankkortterminalar i distrikta
  • Fleire deponeringsstader, lågare kontantbehaldning og haldeplasstiltak

Men dette kostar, og ifølgje avisa er det ikkje sett av pengar til å innføre nye tekniske løysingar.

– Dette handlar om at aktørane har vilje til å få gjennomført løysingane. Dei kjem uansett. Det ser vi også i andre land. No får vi fleire med på denne dugnaden, på rask og forsvarleg måte, seier Støstad.

– Her blir det til at alle må bidra. Både stat, fylkeskommune og arbeidsgjevarane. Kor mykje og korleis fordelinga vert, har vi ikkje teke stilling til, seier Yngve Solberg som representerte fylkeskommunane.

16 av 18 fylke

Jan-Erik Støstad

Jan-Erik Støstad

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Fædrelandsvennen skriv at 16 av 18 fylkeskommunar har, eller skal innføre det nye systemet.

– Kostnaden er ikkje den store bøygen, meir å få gjort det. Mobile løysingar vil koste, det er ny salskanal. Men det vert eit spleiselag, seier han.

– Når kan vi betale med mobilen?

– Eg håpar vi kan ha det på plass dei fleste stader innan eitt år, seier Solberg.

Terje Sundfjord i NHO og Carl Ivar Delingsrud frå Fagforbundet jublar over den nye løysinga.

– Det viktig no vert å trykkje på framover. Det er mykje som skal på plass. Eit nasjonalt billettsystem vil krevje store investeringar. Mykje kan løysast av selskapa sjølve, men vi må følgje med på statsbudsjettet og dei vanlege prosessane og ha trykk på saka for å få det til, seier Delingsrud.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %