Hopp til innhold

Sjåførane fryktar for liva sine

Etter sju ran i løpet av eitt år ber bussjåførane i Kristiansand om pengelause billettsystem snarast. Mange av sjåførane er redde for å gå på jobb om natta.

Video Sjåførene frykter for livene sine

– Eg trur fleire trur at det vil ende med at liv vil gå tapt til sjuande og sist, så brutale folk har blitt under desse rana, seier bussjåfør Frank Nilsen til NRK.no.

Tysdag kveld slo ein ranar til igjen. Ein 15 år gammal gut truga ein bussjåfør med kniv for å få tak i pengeveska, som innheldt små verdiar. Barn frå barnevernsinstitusjonar har herja og gjorde over 500 lovbrot berre i sommar.

Terroriserer tilsette

– Vi er oppgitt over situasjonen og er mest opptekne over at det ikkje kan gjerast tiltak inn mot dei som faktisk terroriserer heile selskapet vårt og våre tilsette, seier administrerande direktør i Bussen Trafikkselskap, Harald Vålandsmyr.

– Folk vert usikre, sjåførane vert usikre. Usikkerheita brer seg også til dei pårørande, altså dei heime, både barn og ektefeller. Då har vi eit problem. Vi har allereie merka det gjennom at ein del sjåførar ikkje vil køyre på kveldstid, seier Vålandsmyr.

Bussran i Kristiansand

RAN: Unge ranere går til åtak på ein bussjåfør i Kristiansand.

Foto: Overvakingskamera

Kniv låg på golvet

Ein av dei er Frank Nilsen. Han er ein av sju bussjåførar som har blitt rana i Kristiansand det siste året.

– Han kom mot meg med knytneven. Eg tenkte at han ikkje skulle få skade meg iallefall. Det var eit basketak om pengeveska og eg fekk hjelp av ein passasjer. Etter å ha ringt politiet oppdaga eg ein stor kniv som låg på golvet, fortel han.

– At folk kan gjere slikt for så lite pengar forstår eg ikkje. Vi må berre få pengane vekk for å unngå slike situasjonar, seier han.

Vil setje i verk tiltak

Og det vert det jobba med. Agder kollektivtrafikk lovar at det vil bli sett i verk tiltak for å betre situasjonen.

– Eg ventar at vi får på plass noko i løpet av 2011. Då kan vi sjå dei første resultata, seier fagdirektør, Kåre Riseng.

– Vi ser på løysingar som kan gje mindre kontantar på bussane. Vi er litt avhengige av korleis folk vil ha det. Det ville vere veldig synd dersom dette fører til at det vert vanskelgare å ta bussen, så det er ein omfattande prosess, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

tre personer som står i en hage

Død person funnet i brannruiner

en person som sykler på en bane

Har sendt ut gult farevarsel – kan bli opp mot 80 mm nedbør

 Politistasjonsjef Anders Hareide Holt og Leder for forebyggende Anders Flottorp

Politiet åtvarar foreldre: Dette er faresignala du bør sjå etter

en person som skriver på en tavle

Aner ikke hva matten brukes til – mener det skaper matteangst

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Sørlendinger bidro til historisk Uno-X-opprykk

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste