Hopp til innhold

16-åring må i fengsel etter bussran

Ein 16 år gammal gut er dømd til 10 månaders fengsel for bussranet på Mosby i Kristiansand.

Bussran Kristiansand

DØMD: 16-åringen som rana sjåføren av denne bussen er dømd til fengsel.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Mannen må i tillegg betale erstatnining til sjåføren på 50 000 kroner, skriv Fædrelandsvennen.

Ranet fann stad på kvelden 5. oktober i haust. Guten truga til seg pengeveska til sjåføren, medan venninna til 16-åringen filma ranet.

Ville ikkje tilbake til institusjon

– Sjølv om tiltalte er særs ung, og at det er sterke hensyn som tilseier at så unge personar ikkje bør sone fengselsstraff, er det for retten ikkje nemneverdig spelerom i nærverande sak. Det er ikkje hensiktsmessig med samfunsstraff, idet tiltalte ikkje ynskjer dette. Han er heller ikkje eigna jf. personundersøkjinga heiter det i dommen.

16-åringen budde på ein barnevernsinstitusjon og gav klar beskjed om at han ikkje ynskte å reise tilbake.

Fleire er dømde

– Retten legger til grunn at Friomsorgen vil bestrebe seg på at ei soning vil føregå på ein slik måte at ein tek hensyn til alderen til tiltalte, står det i dommen.

I haust gjorde barnevernsungdom over 600 lovbrot på kort tid. Fleire av ungdommane er no dømde.

Video 05102010013-UP-143859-SI_SL.mp4

VIDEO: Venninna til 16-åringen filma bussranet. Sjå videoen her.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %