Hopp til innhold

Mysteriet om Langeidsverdet

Setesdal er eit av Norges mest spennande og minst utforska arkeologiske område. Arkeolog meiner dalen skjuler mange skattar.

Langeidsverdet

Skaftet til Langeidsverdet er unormalt lite.

Foto: SANDER HEGGHEIM / NRK

– Dette er det fineste sverdet vi har funnet i Norge fra vikingtiden, sier Zanette Glørstad, forsker ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

– Det er så spennande å jobbe som arkeolog i Aust-Agder fordi det er så lite undersøkt. Nesten for kvar vesle utgraving som vert gjort, får vi litt meir forståing, seier arkeolog ved Aust-Agder museum, Marianne Eldorhagen.

Det mest oppsiktsvekkande funnet vart gjort på Langeid i Bygland i 2011.

Kring 30 graver frå Vikingtida vart funne i samband med bygging av ny riksveg 9.

Marianne Eldorhagen

Marianne Eldorhagen som er arkeolog ved Aust-Agder museum studerer Langeidsverdet som vart funne i 2011. No skal det stillast ut i Kuben i Arendal.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Mange spørsmål

I ei av gravene vart Langeidsverdet funne. Eit sverd det framleis er knytt mystikk til og mange spørsmål man ikke har fått svar på.

– Sverdet er ikkje i typisk skandinavisk stil. Det er funne eit liknande i Buskerud og Finland. Elles er det gjort funn i Baltikum av denne type sverd. Men vi klarer ikkje heilt å tyde symbola. Dei kan tolkast som greske eller latinske bokstavar. Vi veit heller ikkje kor det er laga og korleis det har funne vegen til Langeid. Men vi er berre i startfasen, smiler Eldorhagen.

Langeidsverdet er spesielt fordi det er så godt bevart. Sverdhjaltet er dekorert med mystiske teikn i gull, sølv og kopar, og er eit av dei flottaste sverda som er
funnet i Norge, ifølgje arkeologen. Men kven som eigde sverdet vil ein truleg aldri få svar på.

– Men det er ein velståande person, truleg ein mann, men vi veit ikkje heilt sikkert. I grava låg det også ei stridsøks og nokre myntar. Det er føreslått at det var ein hirdmann eller ein krigar som kan ha vore ein del av ein hær, fortel ho.

Langeidsverdet

Langeidsverdet er godt bevart med fleire teikn og symbol, som forskarane førebels ikkje har klart å tyde.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Velståande person

Mykje tider også på at Langeid i Bygland, der sverdet vart funne, har vore ein viktig handelsstad.

I gravene vart det funne mange handelsrelaterte gjenstandar.

Opphakka myntar, vektskål og vektlodd som vert knytt til handelsaktivitet.

– Personen har kanskje vore vidfaren anten som soldat eller handel eller kva det har vore. I alle fall var personen velståande. Grava var også meir markert enn dei andre. Den var stor og det vart funne fire stolpehol. Så det har vore eit overbygg rundt grava. Kva slags bygg veit vi ikkje, seier ho.

Et vikingsverd som ble funnet på Langeid i Setesdal i 2011 kom idag hjem. I sommer kan publikum beundre det sensasjonelle funnet på Setesdalsmuseet på Rysstad.

Langeidsverdet har vore utstilt i Setesdal i sommar.

– Skjuler seg mykje spennande

Frå søndag skal Langeidsverdet visast fram på Kuben i Arendal. Arkeologen gler seg til å vise sverdet fram.

– Nesten kvar gang eg ser det, så får eg nesten litt ærefrykt. Sverd er så brutale. Samstundes er det eit vakkert smykke. Eg skulle så frykteleg ynskje at eg kunne prate og fortelje meir, smiler ho.

Og det kan ho kanskje gjere etter kvart.

– Setesdal er veldig lite undersøkt. Langeid er den best undersøkte gravplassen i Setesdal. Det er all grunn til å tru at det skjuler seg mykje spennande arkeologiske funn
i Setesdal, seier Eldorhagen.

Zanette Glørstad

Zanette Glørstad pakkar ut nokre av gjenstandane som vart funne i vikinggraver i Bygland i 2011. Glørstad jobbar som forskar ved Kulturhistorisk museum i Oslo.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %